I fjorårets utgåve av Julestjerna kunne vi lese om innsamlingsbøssa Julegryta som Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet. For å lage artikkelen var vi innom arkivet til Vikebladet. I ei utgåve frå 22. desember 1949 fann vi bakgrunnen for Julegryta. Ved gjennomlesing av utgåva vart vi overvelda av talet på julefestar som blei arrangert.
I etterkrigstida hadde organisasjonslivet i Noreg og her på våre kantar ei blømingstid. Ikkje minst stod avholdssaka sterkt, noko dei mange losjefestane vitnar om: Losje Blaatind, Losje Tru, Losje Strandvakt, Losje Dag over land og Losje Jarlen. I tillegg hadde søndagsskulen i dei ulike krinsane sine julefestar, og fleire av dei kristne organisasjonane. Vi legg merke til at julefesten på Ulsteinvik bedehus tredje juledag er for born som har teke til i skulen. Det kan tyde på at julefestane var attraktive og at ein måtte begrense talet på festlyddeltakarar.
Annonseteksta syner eit rikhaldig program med festtale, korsong, opplesing, mat og kaffi og ikkje minst gang kring treet. I dag er tradisjonen med gang rundt treet nesten borte, men den gongen var gang rundt juletreet det viktigaste innslaget. Og mest spennande var det om guten eller jenta fekk halde i handa til den dei likte best. For både Hareid og Ulstein kr. Ungdomsforening blei det etter kvart tradisjon og avslutte festane med Den himmelske lovsang. Songen er opprinneleg frå Amerika og skriven av James Murray.
Vi ser også av annonsetekstene at dei fleste julefestane hadde inngangspengar. Rimlegast var det å kome på julefesten 3. juledag på bedehuset med 0,5 kroner og dyrast var det på Fredheim 2. juledag og 1. nyårsdag med 1,50 kroner. Dei fleste kosta 1,00 krone. Om vi nyttar priskalkulatoren til Norges Bank, så tilsvarar 1,00 kroner i 1949 kroner 21,50 i dag. Inngangspengane gjekk mest truleg til å dekke mat og kaffi.
Vi ser også at julefestane er lagt til etter julaftan, og nokre av dei også på nyåret. I dag tek jula til allereide tidleg på hausten, og når julaftan er over, så er også jula over. Og sjølv om tidene og tradisjonane endrar seg, så står jul og julefeiring framleis sterkt blant folket.