Bondeguten er det handskrivne bladet til Ulstein KFUK- KFUM. Tradisjonen har vore halde i hevd heilt fram til våre dagar. Innhaldet har endra seg frå sterkt forkynnande tekster til meir allmennelige tekster. Det hanskrive bladet blei som oftast lest opp ved den årlege julefesten på Fredheim. Bilete til venstre syner Bondeguten for perioden 1914 til 1927. Fortellinga er henta frå bladet og attgitt i original tekst.
Kjenner du forteljinga om mannen som inkje kunde finna jolegleda att? Han sat inne på rommet sitt julaftan og kjende på at det var noko som vanta og han kom til det resultat at det var i grunnen jolegleda han hadde mist. Det gjekk aldri ann å halda jol utan jolegleda. Fyrst trudde han finna henne ute i naturen, difor kledde han på seg og gjekk ut – langt – langt. Men kort å segja det: han kom att meir tung i hugen enn før.
Det sto altso feil. Igrunnen var det inkje so rart – tenkte han. Jolegleda må eg nok søkja etter millom menneskja. Snøgt klædde han seg inn og gjekk ut i selskap. Men alle hadde det so annsamt – tykte han, eit evindelegt jag av folk og køyreguidar i dei store gatene. Få såg verkeleg glade ut. Hjå groseraren var det 30 til bords og flust opp av alle ting, men uff – jolegleda – jolegleda.
Han gjekk heim så snøgt som mogelegt – nedstemd og tung i hugen. Komen heim att vart han klår over at han igrunnen var ein stor tosk som leita etter jolegleda hjå dei vaksne.
Nei borna – dei kunde halda jol på rett måte. So heldt mannen eit barneselskap for nokre fatige born som han fekk saman frå kvarteret der han budde.
Men vondt å segja det – også det slo heilt klikk for borna – nei dei var kje retteleg born lenger som då han var liten. Dei kunde og visste alt, og dei slutta med å mest koma i håra på kvarandre.
Mannen vart heilt ør i hovudet av ståket då dei endeleg gjekk, og julegleda? tyktes han vera lenger burte enn nokon sinne før. Reint overgjeven slengde han seg ned i lenestolen og sukka: Jolegleda, jolegleda, kvar er du?
So med eit tok minna til å rulle forbi – minne frå barndoms grøne dagar. Eit for eit kom dei. Han tykte det var jolekveld heime – rettlig jol, og eit stille smil drog seg over andletet hans, det tyktes som jolegleda heldt på å skulle koma.
Um ei stund opna han auga og såg berre ei tom stove, alt stod på plass som før. Han var heilt åleine, og tungsinnet og vemodet drog seg atter over hugen hans.