Gangveg over Eidet var ei sak det hadde blitt snakka om i mange år. I februar 2009 fekk saka eit lyft. Etter påtrykk frå Oskar Grimstad (Frp) flytta fylkesutvalet gang- og sykkelvegen over på prioriteringslista si over strakstiltak. Men enno var det eit stykke fram. I starten av februar 2013 starta arbeidet med den 1,9 kilometer lange gangvegstrekninga over Eidet, frå Nevstad til Varleite. Mesta hadde vunne anbodskonkurransen og skulle gjere arbeidet for 17,4 millionar kroner. Med dette prosjektet ville Ulstein og Hareid også vere knytta saman for gåande, joggande og syklande. I vegen skulle også dei to kommunane knytast saman med ei vassleidning som ville gi dei to alternative vasskjelder i ei krise. Gangvegen vart offisielt opna i starten av november 2013 med ordførarane Anders Riise og Jan Berset som snorhaldarar, og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) som snorklippar. Gjerde hadde vore ein ivrig forkjempar av gangvegen over Eidet.

Vinteren 2012 var arbeidet med den nye innfartsvegen til Ulsteinvik, Nye Holsekerdalen, i gang. Masse vart køyrt bort, ny masse, mest stein, køyrt til. Gravemaskiner, lastebilar og andre anleggsmaskinar frå entreprenørverksemda Aurvoll og Furesund frå Herøy stod i spissen. Vegen voks frå dag til dag og skulle bli eit flott veganlegg for Ulsteinvik – med gangveg langs heile strekninga. Måndag 15. oktober 2012 opna den nye innfartsvegen gjennom Holsekerdalen til Ulsteinvik. Dette prosjektet hadde vore arbeidd med i fleire tiår, på plan- og tankestadiet. No var det realisert.

Debatten om kva for E39-fjordkryssing som skulle gjelde for Søre Sunnmøre hadde gått for seg ei tid, då eit samla samferdselsutval i fylket slo fast at dei ville satse på Hafast. Styreleiar Gunvor Ulstein såg det som ein stor siger. No skulle saka vidare til fylkesutvalet og fylkestinget. Deretter venta handsaming hos sentrale styresmakter. I april slo fylkestinget fast at dei ville ha Hafast.

Så var det Sjøgata i Ulsteinvik. Ho var nøkkelen til den vidare utviklinga i byen, ikkje minst på grunn av utfyllinga og den nye bydelen Sjøsida. I mars 2012 mangla det nokre millionar på å fullføre gata. Både samferdselsutvalet i Møre og Romsdal og ordførar Jan Berset håpte på at næringslivet kunne trå til i eit spleiselag. Men som i mange utbyggingsprosjekt voks kostnadene med Sjøgata òg. I starten av juni 2012 var prislappen på utbygginga komen opp i 59,6 millionar kroner. I mars 2008 hadde prosjektet ein prislapp på om lag 34 millionar kroner. Ulstein kommune hadde til no løyvt 7,7 millionar til utbygginga. Det same hadde private aktørar, medan fylkeskommunen hadde gått inn med 15 millionar. Med det var Sjøgata halvegs finansiert. No vart den politiske kampen for å finne midlar til gata intensivert.

I august 2012 gjekk Ulstein kommunestyre unisont inn for å løyve 19,4 millionar kroner til Sjøgata, til ein såkalla miljøprioritert gjennomgang. Målet var ny handsaming i fylkesutvalet 2. oktober og fylkestinget 10.-12. oktober. Men aller først hamna Sjøgata i samferdselsutvalet i fylket i starten av september. Politikarane her rådde til å løyve fem millionar ekstra.