Så gjekk Hareid og Ulstein inn i ein ny runde med diskusjon om kommunesamanslåing frå hausten 2010 og utover dei næraste åra. Eit felles formannskapsmøte i september 2010 gjekk samrøystes inn for å søke midlar til å greie ut konsekvensane av ei samanslåing. Det skulle bli mykje fram og tilbake i månader og år utan at det kom noko resultat.

I april 2011 løyvde regjeringa 350.000 kroner til ei konsekvensutgreiing om samanslåing av dei to kommunane: – Det er særs viktig at innbyggjarane får høve til å uttrykke meininga si i ei slik utgreiing, var helsinga frå kommunalminister Liv Signe Navarsete. Då konsulentfirmaet Agenda Kaupang la fram dei førebelse konklusjonane sine i slutten av november 2011, var dei nokså vage: Betre økonomi dei første 15 åra, usikker økonomi etter 15 år.

Då Agenda Kaupang kom tilbake på nyåret i 2012, rådde dei likevel Ulstein og Hareid til å slå seg saman. Den nye kommunen ville få større sjansar til å levere gode resultat. Det same meinte ordførarane, Jan Berset (H) og Anders Riise (H). Ein av dei som var skeptisk til rapporten, var fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V): – Mykje av innsparingane som står i rapporten, handlar ikkje om kommunesamanslåing. Det er slikt som kommunane kan spare kvar for seg, uttalte ho til Vikebladet Vestposten. I same avis skreiv redaktøren på leiarplass: – Konsulentrapport eller ikkje; det vil neppe vere særleg mykje å spare som direkte følgje av å slå saman Hareid og Ulstein. Sidan 1990 har rundt 18 kommunar blitt borte her i landet, og erfaringane viser at det ikkje reduserer offentlege utgifter. Dessutan er det eit faktum at innbyggjarane i mindre kommunar er meir fornøgde med kommunale tenester på grunn av nærleiken.

Diskusjonen om kommunesamanslåing ville ingen ende ta verken før eller etter stortingsvalet i 2013. I mars 2012 samla kommunepolitikarane frå Ulstein og Hareid seg på Sunnmøre Folkehøgskule til seminar og diskusjon om saka. Det var mange oppstemte politikarar som drog heim ut på kvelden. Ordførarane på begge sider av Eidet, Jan Berset (H) og Anders Riise (H), oppsummerte det felles kommunestyremøtet som svært positivt. Sjølvsagt var der også skeptikarar i salen, men sterke negative argument kom ikkje til overflata denne gongen. Ei av dei som heldt foredrag for politikarane var Aure-ordførar Ingunn O. Golmen. Ho fortalde om erfaringane dei hadde der nord med samanslåing av Aure og Tusna. Kommunenamnet vart Aure, men kommunevåpenet vart det som Tustna hadde hatt.

Då saka var til behandling i Ulstein 22. mars 2012, var det eit samrøystes kommunestyre som sa ja til ekteskap med Hareid. Slik var stemninga og optimismen i politikarkorpset i kommunen denne våren. I Hareid var stemninga noko meir reservert. Hareid kommunestyre vedtok med 15 mot seks røyster «å gå vidare i prosessen med å greie ut vilkåra for ei samanslåing med Ulstein». Vilkåret var at staten betalte det komande forprosjektet. Men då svaret kom frå regjeringa i juni 2012, viste det seg at Kommunal- og regionaldepartementet ikkje ville gi meir pengar til utgreiing om samanslåing av Hareid og Ulstein. Begge ordførarane i dei to kommunane var skuffa og overraska. Debatten om kommunesamanslåing hadde fått seg eit skot for baugen, og Hareid kommune stoppa no arbeidet. Men i 2013 var det stortingsval, og då kunne det bli eit nytt regime. Men før den tid vekte ei spørjegransking som Norstat gjorde for Vikebladet Vestposten i august 2012, oppsikt. Her svarte 71 prosent ja til ei samanslåing av dei to kommunane. Igjen var Ulstein mest offensiv med nesten 76 prosent ja, medan Hareid nøgde seg med knapt 69 prosent. Men neste gong folket i dei to kommunane vart spurte etter råd, var det tommelen ned.

Rådmannen i Hareid fekk likevel full støtte for tilrådinga si. Politikarane i Hareid ville i mai 2013 legge på is drøftingane om samanslåing med Ulstein. Omkvedet var at Hareid først måtte rette opp ein skakkøyrd økonomi.