Så er vi inne i den siste perioden i dette historieverket, naturlegvis prega meir av hendingar enn analysar. Vi er med eitt i vår eiga samtid. Epoken gir oss ikkje lenger avstand. I dette hovudkapitlet har vi raudgrøn regjering fram til 2013. Då tek Erna Solberg over med ei regjering utgått av Høgre og Frp, og med Venstre og KrF som støtteparti. Høgre fekk flest stemmer i Ulstein under stortingsvalet i 2013 med 33,1 prosent. Frp oppnådde 19,2 prosent. Ap enda på 18,5 prosent i kommunen. I Hareid var Oskar Grimstad (Frp) klar for den andre perioden sin på Stortinget.
Kanskje kan vi seie at det er fire store trendar eller hendingar som pregar perioden. Det lokale næringslivet hadde kome opp i god fart då finanskrisa kom rullande frå USA til Europa i 2008/9. Mange av dei lokale bedriftene hadde gode ordrebøker, og kanskje la finanskrisa berre ein nødvendig dempar på ein marknad som var i ferd med å bli overoppheta. Den raudblå regjeringa hadde også ei heldig hand med handteringa av finanskrisa; med pakkar og innsprøyting i økonomien var følgjene av krisa langt mindre i Noreg enn i dei fleste andre industriland.
Lokalt ser vi ein kraftig veksande økonomisk aktivitet særleg i åra 2012, 2013 og 2014, der ikkje minst lokale offhore-reiarlag, borne fram på ein høg oljepris, tingar det eine skipet etter det andre. Verft og underleverandørar produserer og leverer alt det reimer og tøy kan halde. Det er konkurranse om arbeidskrafta, arbeidsinnvandringa er betydeleg. Så kjem oljeprisfallet utover i 2015, med eit brutalt omslag i kystøkonomien. Både ekspertar og fagfolk såg raskt at nedturen i oljebransjen kom til å bli eit større problem for landet og ikkje minst Vestlandet enn finanskrisa nokre år tidlegare. Vi kan merke oss desse tala. Dei forklarer mykje av utviklinga. I 2010 var prisen på nordsjøolje 79,50 dollar fatet i gjennomsnitt. I 2011 spratt han opp til vel 111 dollar, 2012 om lag det same og i 2013 om lag 109 dollar fatet. I 2014, då dei fleste aktørane i næringslivet lokalt enno levde i oljerus, sokk prisen moderat til om lag 99 dollar fatet. Så kom 2015 med forskrekkelege 52 dollar, 2016 med knapt 44 dollar og 2017 med ein moderat oppgang til vel 54 dollar.
Resultatet i 2015 og utover vart permitteringar, arbeidsløyse, omstilling og jakt etter nye marknader. Heilt på slutten av denne 10-årsperioden, ser vi tendensar til ei betring, lys i horisonten; verft får nye oppdrag, offshore-reiarlag slepper båtar på vatnet igjen og kallar inn sjøfolk. Men det er eit stykke fram. Og så kjem korona-pandemien og skaper heilt nye vilkår. Frå skrivepunktet i 2021 er situasjonen framleis uavklart både for fleire næringar og for menneske. I Ulstein held dei i skrivande stund i mars 2021 på med å vaksinere den eldste delen av folket. Det går smått, og folk er utolmodige. Men medan smitten eksploderer – særleg i Oslo-området – er det lite smitte i Ulstein.
Det var våren 2010 at ordet oskefast kom inn i det norske språket. Også folk frå Ulstein og Hareid opplevde fenomenet som stoppa flytrafikken i periodar denne våren. Det var vulkanutbrotet i Eyjafjallajökull på Island som var årsaka til flykaoset. Store mengder oske spruta ut i atmosfæren og hemma flytrafikken i bolkar.
På eit anna plan har utviklinga av og frekvensen av omgrepet terror auka utover i perioden, via vårt eige traume på Utøya 22. juli 2011. Dei siste åra har verda blitt heimsøkt av ei rekke terrorhandlingar der alt frå bomber, automatvåpen til store lastebilar har blitt nytta. Som reisande eller som turist må du vere vaken på kvar du ferdast på ein annan måte enn før. Så fekk vi pandemien i 2020. Dette siste kapitlet vil ikkje handle mykje om den; det er for nært i tid.