Om vi studerer bilete av Ulsteinvik i starten på 1930-talet, vil vi sjå at det er berre ein hovudveg gjennom bygda. For å kome ned på Osnes måtte du om Reiten, og for å kome til Saunes måtte du legge vegen om Skollebakken. Berre bustadfeltet Bugarden åleine har i dag fleire bustadhus enn Ulsteinvik sentrum hadde den gongen. I dei sjøområda som på 1970-talet hadde vorte utfylte til store areal med fast land, var det på 1930-talet sjø, og på eit slikt bilete ville vi lengst inne sjå den såkalla Ringstadpiren med O. Ringstad & Sønners Trævarefabrikk, som seinare vart til Ulsteinvik Møbel- og Trevarefabrikk AS – og endå seinare Skeide Hus.
Rett ut gjennom sjøen frå Bøesvingen låg Vikebrygga, ein fin plass å legge til for robåtar og andre småbåtar for folk som kom til Ulsteinvik for å handle – frå Dimna, Hatløya eller andre stader. Utanfor Vikebrygga låg dampskipskaia med ekspedisjonshuset lengst nede. Lenger ute låg landgangen nedover til Sjøborg og den kommunale dampskipskaia. I Sjøborg var det innreidd både kommunestyresal og fleire kommunale kontor som var i bruk fram til det nye rådhuset stod ferdig.
Ulstein på 1930-talet er også ei historie om tøffe økonomiske vilkår for mange av innbyggjarane. Det er framleis ei historie om slit og sveitte, om arbeidsløyse, naudsarbeid, tvangsauksjonar, og ein kamp om å få endane til å møtast. Men det også ei forteljing om tider som gradvis snur, om bedrifter som utviklar seg og får meir å gjere, om fiske og fangst som gir innkome til mange, og om kommunikasjonar som blir betre. Kulturlivet blomstrar, og soknepresten får folk med seg om han enn er omstridd. Det er også ei overgangstid. Samtidig som bussar og bilar alt meir blir vanlege framkomstmiddel, står hestar i stallane rundt om. Anar vi ikkje eit drag av optimisme mot slutten av tiåret? I alle fall før krigsfrykt og rasjonering tek over hausten 1939. Då er verdskrigen og mangelen på straum dei store samtaleemna mellom folket i bygda.
Stortingsvalet 1927 og den påfølgjande Ap-regjeringa med Hornsrud i spissen i 1928 – vart eit sjokk for dei tradisjonelle regjeringspartia. Arbeidarpartiet var no like stort som Høgre og Venstre til saman, og hadde vilje til å regjere. Det kortvarige Hornsrud-intermessoet bar bod om kva som skulle kome om ikkje mange åra. Mowinckel og Venstre, som hadde insistert på at dei ikkje høyrde heime i ei borgarleg blokk, mobiliserte no til borgarleg samarbeid og sytte for at Hornsrud berre fekk sitje frå 28. januar til 15. februar1928. Då tok Mowinckel over i spissen for ei rein Venstre-regjering, men med ein openlys, borgarleg alliansepolitikk. Regjeringa fekk sitje i tre år og tre månader, den lengste bolken sidan Gunnar Knudsens dagar.
Stortingsvalet 1930 skulle bli ei ny styrkeprøve. Arbeidarpartiet hadde gjort det godt ved kommunevalet i 1928. Målmedvite la dei borgarlege partia opp ein strategi. Valordninga, som favoriserte det største partiet, vart endra: To eller fleire parti kunne avtale listesamarbeid utan å stille fellesliste. Om eit parti hadde røyster til overs som ikkje gav mandat, kunne dei førast over til eit anna parti og gi mandat der dersom det var avtala listesamarbeid. Dei borgarlege partia tok imot nokså romslege pengesummar frå næringslivet til ein valkamp der fronten retta seg skarpt og samla mot Ap. Dei hadde leitt fram gamle Ap-brosjyrar og talar med eit innhald som var kritisk til kristendommen, for å mobilisere kristenfolket. Her stod det om både Gud og fedreland.
I Vikebladet hausten 1930 er der såleis fleire artiklar om kristendom og politikk. Det heva seg røyster som kalla valet eit lagnadsval med omsyn til kristendommens framtid i Noreg. Ei ung mor skriv til avisa: – Eg er ei som ser det som ei ulukke både for den einskilde og landet dersom kristendommen slepper taket i folket vårt. Det er i år første gongen eg har røysterett og ville gjerne røyste med eit parti som vil verne om kristendommen. Dersom det vyrde bladstyret ville gjera vel å gje meg noko rettleiing, var eg takksam.
Avisa gir så ei nøktern oppstilling over dei ulike partia sitt forhold til kristendommen. Om Ap heiter det at partiet «har ingen religionspost i sitt program».
Men om vinteren melde verdskrisa seg med nye problem, og på nyåret auka konfliktane i arbeidslivet. Snart kom motsetningane mellom dei borgarlege til syne igjen. Alt våren 1931 var dagane til den nye regjeringa Mowinckel talde. Bondepartiet og Ap gjekk saman om å felle ho på ei komplisert konsesjonssak. Regjeringsoppdraget gjekk til Bondepartiet og Peder Kolstad. Då han vart sjuk og døydde på nyåret i 1932, tok Jens Hundseid over. Dei to åra Bondepartiet sat ved makta, var dei mest stormfulle i mellomkrigstida. Særleg la regjeringa vekt på å få til lover og ordningar som kunne demme opp for arbeidarrørsla. Det var denne regjeringa som måtte hanskast med Grønlandssaka. Det vart også indre strid, ikkje minst etter at Vidkun Quisling vart utnemnd til forsvarsminister.