Helsesituasjonen mellom folk vart gradvis betre i mellomkrigstida. Men sjukdommar som tuberkulose, lungebetennelse og influensa tok framleis mange liv. I 1931 får dokter Sellevold røntgenapparat. Vikebladet rapporterer om saka: – Vi fekk høve til å sjå apparatet; det er forholdsvis lite og lett handterleg. Det kan takast med på sjukebesøk, og om nødvendig kan pasientane bli røntgenfotograferte medan dei ligg heime i si eiga seng. At dette er viktig for området vårt, er lett å forstå, konkluderer avisa.

Året etter gir kommunestyret samtykke i at dokter Sellevold får legge inn vassklosett i dokterbustaden. I Vikebladet av 27. juli 1934 kan vi så lese at Sellevold har kjøpt seg ny bil, ein 1934-modell Chrysler.

Denne tida går det for seg ein diskusjon mellom Hareid og Ulstein om kontortida til dokteren. Sellevold deler arbeidstida si mellom Ulstein og Hareid. Men fordelinga er ikkje lik, sjølv om kommunane betaler like mykje. Saka er ein gjengangar i kommunestyra. Ved inngangen til 1933 er kontortida på Hareid måndag og torsdag 10 til 13. Den 22. mai 1933 har kommunestyret saka oppe igjen og vedtek at det er nødvendig med tre kontordagar på Hareid. Den 6. juni 1933 avslår Ulstein kommunestyre søknaden frå Hareid. Men Hareid held fast på standpunktet sitt og prøver igjen. Våren 1934 – etter at dokteren hadde argumentert for fordelar med ordninga, gav Ulstein etter, og Sellevold fekk tre kontordagar på Hareid og tre i Ulstein.

I januar 1938 var Sellevold heime igjen etter eit års studieopphald i inn- og utland. Dr. Olav Sollie, som hadde vore vikaren hans i året som hadde gått, vart frå januar 1938 tilsett som assistentlege. Det vart no halde kontortid alle yrkesdagar om formiddagen (10-13) både i Hareid og Ulstein, dessutan om ettermiddagen frå 17-19 i Ulstein. Dei to dokterane skulle dessutan dele på nattevakta, kvar sin månad. Dr. Sollie sa opp stillinga si frå 1. juli 1938 for å ta vidareutdanning. I hans stad tilsette dei Elias Giske frå Ålesund.

I november 1932 melder Vikebladet at det går ein hardnakka kikhosteepidemi over Hareid og Ulstein. Tre småbarn er døde av sjukdommen. Vinteren 1938 herjar det ein epidemi med skarlaksfeber i Hareid og Ulstein. Sjukdommen er smittsam og årsaka av bakteriar. Ein vanleg skarlaksfeber byrjar med frysingar, feber, vondt i halsen, og første eller andre dagen kjem det eit finprikka, raudt utslett i ansikt og på kropp. Eit ukomplisert tilfelle kan vere bra igjen i løpet av ei veke. Det kjem så avskaling av huda i første eller andre veka. I Ulstein og Hareid hadde det i starten av mars 1938 meldt seg over 30 nye tilfelle av skarlaksfeber. I ein heim låg fem born sjuke, i ein annan to. Men det var ikkje berre skarlaksfeberen som herja dette året. Det same gjorde tuberkulosen.

Tannverk og tannrøkt var eit tilbakevendande problem i mellomkrigsåra. I 1937 fekk Ulstein sanitetsforeining gjennomslag for å setje i gang gratis tannrøkt av skuleborn i kommunen. Saniteten hadde lykkast med å få i stand stønad, mellom anna frå trygdekassa, slik at det første årskullet fekk gratis tannrøkt dette året. Borna fekk då gå til tannlege Fannemel litt etter litt.

Det vart også gjennomført legegranskingar av skuleborna i Ulstein utover siste del av 1930-talet. I 1939 vart det til dømes utført gransking av 67 elevar som gjekk ut av skulen. Berre seks hadde positivt utslag på tuberkulinprøva. Også dei 43 nye elevane i skulen vart granska, berre ein gut med positiv tuberkulinprøve. I 1936 vart det gjort ei omfattande undersøking av heile 852 elevar i Ulstein distrikt (Ulstein og Hareid). Av desse fekk 87 positivt utslag på tuberkulinprøva. I mars 1940 skriv distriktslege Sellevold i lokalavisa: – Eg har inntrykk av granskinga med tuberkulin at det bli stadig færre elevar som bli smitta med tuberkelbasillar (..). Tennene har også vorte betre, og det var gledeleg å sjå at konfirmantane av 1939 hadde fått godt stell på tennene sine. Eg har det inntrykket at foreldra no stort sett gjer meir for at borna skal få rett kost, men det manglar nok enno mykje på at kosten er så god og hensiktsmessig som han kunne ha vore. Oslofrukosten er ikkje ført inn i nokon skule i kommunen, men fleire lærarar og foreldre er merksame på han og prøver å rette seg etter han, skriv Sellevold.

*

På gamleheimen i Ulsteinvik fekk dei våren 1936 eit radioapparat. Etter det Vikebladet erfarte var gamleheimsbuarane særs nøgde med radioen. Dei høyrde klart og greitt både vêrmeldingar og nyheitssendingar, gudstenester og andakter, program som dei sette ekstra pris på. Vikebladet konkluderer: – Det er nok vanskeleg for friske og unge menneske å setje seg inn i kva glede dei gamle kan ha av ein radio. I helg og yrke kan dei som har den lagnaden at dei er bundne til ein stol eller ei seng, høyre kjære og kjende prestar forkynne evangeliet og høyre salmesongen.

På 1930-talet var det sjølvsagt berre private vassverk og brønnar i Ulstein. Men folk organiserte seg i lag, slik som til dømes Osnes vassverk. Tørkesommaren 1936 førte til at laget ville gardere seg mot liknande tørker i framtida og gjekk i gang med å byggje reservekumme bak Varden, 3-400 meter frå hovudkummen som låg i åssida ovanfor ungdomsskulen på Reiten. Så skulle dei legge rør frå hjelpekummen til hovudkummen. Dei fleste gardbrukarane frå Reiten og nedover til Solaberget og Hatlø Verksted var abonnentar ved vassverket.

*

Eit teikn på at tidene gradvis vart betre, var den stigande etterspørselen etter husvære i Ulsteinvik. Samtidig var det stor byggeaktivitet. I alt var det ferdig eller under bygging 15-16 nye bustadhus i kommunen. Dette var likevel ikkje nok til å dempe den store etterspurnaden; ifølgje lokalavisa var det mange som var ute etter å leige bustad. Dei nye husvertane gjorde kva dei kunne for å bøte på tilhøvet, til dømes ved at husvertar med små huslydar sjølve tok i bruk loftshøgda og leigde ut hovudetasjen. I 1937 vart det også til stor byggjeaktivitet.