Det er mange hendingar og forhold vi må la ligge i eit slikt kapittel. Nokre hendingar og menneske til skal vi likevel nemne. Då startar vi med ulsteiningen Olav Ulstein, som i løpet av krigen gjennomførte til saman rundt 100 flytokt. Fleire gonger var det nære på at han vart skoten ned. Men han klarte seg. Olav hadde rømt over med Ulstein til dei allierte, og målet hans var å bli flygar.
Han vart send til Canada og fekk opplæringa si der. Då han kom attende til Europa, vart hovudoppgåva hans å eskortere bombefly over Frankrike og Holland: – Eg var verdas heldigaste flygar. Mange var dei naboflya som vart råka og gjekk i bakken. Det var fleire gonger ikkje mange metrane som skilde meg frå å gå same vegen, men det gjekk alltid godt, fortalde Ulstein til Vikebladet i 1995.
Dei som var i handelsflåten då krigen braut ut, heldt fram arbeidet sitt. Men no fekk dei ein farlegare arbeidsplass. Tyske ubåtar var etter dei over alt. Ulsteiningen Mathias Nordahl opplevde at to av båtane han var om bord i, vart senka av tyske ubåtar. Ein annan gong vart han såra då tyske fly gjekk til åtak på båten. Då krigen var slutt, var han – som så mange av dei som hadde vore ute – sterkt invalidisert. Likevel prøvde han å halde fram i utanriksfart for å skaffe utkome for seg og familien. I alt var det 77 ulsteiningar ute under krigen – og deltok i alt frå krigsteneste til annan innsats for dei allierte. Ni kom aldri heim i live.