– Mor syntest det var leitt at eg skulle fare. Men far, som var gammal soldat frå 1905, syntest det var slik det skulle vere, fortalde Bjarne Nygjerde i eit intervju med Vikebladet i 1995. – Neste morgon møtte vi opp på Setnesmoen for å hente utstyret vårt. Under dei 72 dagane med militærteneste i 1938 hadde eg vorte opplærd til førsteskyttar på maskingevær. Bjarne Korshamn var andreskyttar, og det var to ammunisjonsberarar.
Så barst det oppover dalen med Bjarne og dei andre. Lidvar Ulstein køyrde første bilen Bjarne var med. Mellom Dombås og Dovre kom dei i kamp med tyskarar. Seinare var ulsteiningar i kamp ved Ringebu. Men tyskarane kom med tanks, og Bjarne og medsoldatane byrja trekke seg tilbake oppover dalen. Etter kvart vart dei køyrde til Kvam og seinare til Lesja, mykje av tida med tyske fly svermande over hovuda.
– Vi vart omsider køyrde til Isfjorden med bil. Åndalsnes og Veblungsnes var det ikkje noko att av. Alt var brent ned. Vi leverte frå oss våpna på ein skule. Kapteinen vår skulle nordover med ein gong. Han skulle kjempe vidare etter at Sør-Noreg var gitt opp. Vi skulle få vere med om vi ville, men ingen var nøydd. Det var ingen som slo lag. Eg trur dei fleste hadde fått nok, avslutta Bjarne Nygjerde.
Ulsteiningane som var i kamp desse dagane, opplevde krigen ulikt alt etter kvar dei var plasserte. Det gjekk ti dagar før dei siste ulsteiningane vart innkalla til krigsteneste i første linje. Desse karane vart sette opp i ein tredje feltbataljon av møringar og trønderar. Mellom desse var John J. Flø, Sverre Kristensen, Johan Saunes og Andreas J. Ulstein. Fleire av dei kom i kompaniet til kaptein A. Telle, og dei fleste hadde god tru på at tyskarane skulle bli kasta ut av landet. Men møtet med bombeflya over Dombås, fekk dei på andre tankar. Så hamna kompani Telle med fleire ulsteiningar i fremste linje ved Nåverdal bru i Ulset i Sør-Trøndelag. Oppgåva var å stanse tyske troppar som rykte nordover frå Østerdalen for å knyte samband med dei tyske styrkane i Trøndelag, som var på marsj sørover.
Kampane tok til om morgonen 26. april. Andreas Ulstein fortalde dette til krigshistorikaren om kampane, slik han hugsar dei: – Vi låg der i over to døgn og kontrollerte og sperra overgangen. Dei gjorde mange forsøk på å kome vidare med panservogner og stridsvogner. Dei hadde med bruelement til å legge over elva, men måtte gi seg på det. Så hadde dei kome seg opp i lia på motsett side i dalen. Her plasserte dei ei mitraljøse som dei retta direkte mot vår flanke. Det var mykje snø. Og kulene plistra bortetter snøen.
Då det lysna av dag 28. april, hadde dei norske soldatane halde stand i to døgn utan flystøtte og utan artilleri. Det var ei bragd, konkluderer Ragnar Ulstein. No var kreftene i ferd med å ta slutt. Denne dagen skulle bli hard. Tyskarane sette inn alle våpen dei rådde over; stridsvogner, mitraljøser, bombekastarar og kanonar. Men tyskarane kom seg ikkje over elva. Dei klarte heller ikkje å legge bruelementa. Norsk eld stansa arbeidet. Men så – heilt uventa – drog tyskarane seg attende. Dei måtte be om meir hjelp frå bombefly. Det tredje kampdøgnet fekk nordmennene ordre om retrett. Soldatane var heilt utslitne. Men kampane i Nåverdalen vil bli ståande som eit døme på kva norske soldatar kunne klare under godt befal. Kaptein Telle førte kompaniet sitt til dimitteringsplassen i Sunndal.