Flya kom aldri tilbake, men ulsteiningane hadde fått seg ein støkk. Fienden kunne dukke opp her òg. Folk byrja snakke om at spionar var på ferde, enkelte meinte dei såg mystiske lys om nettene. Vikebladet gav uttrykk for den redsla mange bar på: – Ver varsam med det du seier, skreiv avisa som mellom anna åtvara mot ordskifte på gatehjørne og kaféar. Mellom folk dukka det opp historier som ofte hadde lite rot i røyndommen. Vikebladet tok tak i dette og: – Me vil åtvare folk mot å legge til av eigen fantasi det ein høyrer i radio eller les i blada. Det er ein forkasteleg uskikk.

Måndag 29. april valde Ulstein formannskap ei luftvernnemnd etter ordre frå riksluftvernsjefen. Disponent Martin Ulstein tok på seg å leie nemnda. Men alt no hadde ein god del av innbyggjarane i Ulsteinvik valt å evakuere til meir grisgrendte strøk i kommunen. Samtidig fekk Hitler-soldatane kontrollen over Sør-Noreg, og berre ti dagar seinare kunne ulsteiningar og nordmenn elles høyre korleis tyskarane storma gjennom Nederland og la under seg landet i løpet av fire dagar. Det var sørgjelege utsikter.

Men livet gjekk vidare. I Vikebladet var det framleis annonsar om møte og festar; folk trulova og gifte seg som før. Men under sjølve felttoget hadde skulane vore stengde av frykt for flyåtak. Industrien hadde permitterte folka sine. Lokalavisa hadde kome ut med berre to sider. Men i starten av mai var det meste som før. Bedriftene opna portane sine igjen, arbeidsfolka sykla til og frå. Soldatar som hadde vore ved fronten, stod ved dreiebenker og slipemaskiner, på båtdekk – eller gjekk bak plogen. Skulane kom i gang att straks etter pinse. Ho var tidleg i 1940. Potetene var i jorda som vanleg til 17. mai, men bøndene hadde auka arealet. Det kunne kome godt med i ein slik situasjon. Men nasjonaldagen glei stilt forbi, som om folk bar sorg, resonnerer Ragnar Ulstein.