Den vidare gangen i kampen til prestane og lærarane viser at Quisling måtte slå retrett. I det ytre kunne nok NS sjå ut til å ha sigra, summerer Ragnar Ulstein opp, men legg til: – Mange lærarar vart sende på tvangsarbeid (Kirkenes), andre sat på Grini eller Falstad. Fangevaktarane prøvde å gjere dei mjuke med hard eksersis, hardt arbeid og lite mat. Dei nådde sine mål. Med få unntak underteikna lærarane ei erklæring om å melde seg inn i Lærarsambandet.

Dermed slapp dei fri. Lærarane frå Ulstein kom heim etter ein månads fangenskap. Men så snart desse var tilbake i skulen, vende lærarane tilbake til motstandslinja. Dei betalte ikkje kontingent og avviste all kontakt med Lærarsambandet. I staden slutta lærarane mannjamt opp om Lærarfronten.

Om lag samstundes hadde prestane stansa nazifiseringa av kyrkja. Både lærarane og prestane hadde under heile kampen gjort det klart at deira nei også gjaldt eit nei til Quislings forsøk på å vinne borna gjennom Nasjonal ungdomsteneste. Den kom aldri til å bli gjennomført. Det høyrer med at denne ideologiske motstanden vekte internasjonal merksemd, mellom anna hylla av president Roosevelt i sin kjende «Look to Norway!»-tale under overleveringsseremonien av krigsskipet KNM Kong Haakon VII på Washington Navy Yard 16. september 1942

*

For alle som arbeider med krigen på Vestlandet, er Ragnar Ulstein sentral. Forskinga og bøkene hans veg tungt. Hos Ulstein finn vi også ei oppfatning av omgrepet motstand som noko meir enn den militære og sivile, slik vi kjenner det i tradisjonell forstand. I boka Lagunen og stormen frå 1999 prøver Ulstein å vise korleis dei kristne og humanistiske grunnverdiane i det lokale lags- og foreiningslivet i heimbygda Ulsteinvik stod fram som eit ideologisk vern: Det massive foreiningslivet, representert ved mannskor, losjeforeiningar og kristelege ungdomslag med vidare – utgjorde eit kulturelt skjold mot okkupasjonsmakta og verka som ei ideologisk motgift mot påverknaden frå den norske fascismen. Ulstein drøftar desse spørsmåla i kapittel 5 i boka si under overskrifta ”Usynlege murar i bygda”. Her peiker han på at kristenfolket i Ulstein og andre bygder på kysten i mange år hadde vore delt i ei konservativ gruppering og ei kulturopen. Men krigen førte dei to kristenflokkane saman, i alle fall for ein periode. Dessutan – over dei høge murane som hadde skilt flokkane frå kvarandre, gjekk det no ei anna vekking enn den tradisjonelt kristelege: ei nasjonal vekking med ein religiøs undertone som dei fleste kunne stemme i med. – Bygda var på ein måte sjølvkontrollerande, som ein songar og losjemann uttrykte det, og Ulstein var som mest alle bygder på Sunnmøre, nesten fri for nazistar.