Under krigen kunne industri gå i stå på grunn av at småting ikkje var å oppdrive. Eitt produkt som møbelindustrien stod opprådd for, var bølgjestiftar.

For å løyse problemet for Ulsteinvik Møbel- og Trevarefabrikk, byrja smed Konrad Simonnes med produksjon av slike stiftar. Smia til Simonnes stod den gongen ved sida av møbelfabrikken i Ulsteinvik sentrum. Det heile voks fort, og i 1943 var Simonnes den einaste produsenten i landet av slike stiftar – som vart nytta i tusental av møbelindustrien. Simonnes gjorde landet sjølvhjelpt med omsyn til denne artikkelen.

Den første tida hadde han ein kapasitet på om lag 5000 for dag, men så fann Simonnes opp ei ny maskin som auka kapasiteten til 15.000. Seinare effektiviserte han produksjonen endå meir og kom opp i 35-40.000 stiftar for dag, eit aldri så lite lokalt industriunder medan det enno hang dystre skyer over lokalsamfunnet.