Den 15. januar 1941 sende biskopane eit skarpt brev til Kyrkjedepartementet. Her uttrykte dei tvil om det nye regimet ville halde seg til folkeretten. Nazistyresmaktene hadde mellom anna nyleg oppheva teieplikta til prestane. Brevet gjekk samstundes til alle kyrkjelydar i landet. Formannen i Ulstein sokneråd, Johannes O. Ulstein, la det fram i eit rådsmøte 19. februar 1941. Han las då opp endå eit brev frå bispekollegiet. Det hadde blitt trykt i 50.000 eksemplar og var stila til kyrkjelydane. Norsk politi fekk ordre om å kverrsetje brevpakkane, men fekk tak i berre 20.000 eksemplar. Brevet vart såleis kjent over heile landet, lese opp i mange kyrkjer, mellom dei kyrkjene i Ulstein og Hareid.
Det såkalla hyrdebrevet var ein protest mot dei overgrepa som dei nazistiske styresmaktene hadde gjort seg skuld i – mot rettsvesen og einskildmenneske. Kvelden før soknerådsmøtet 19. februar hadde lensmannen ringt soknepresten og gitt ordre om at hyrdebrevet vart kverrsett, og at det ville få alvorlege følgjer dersom presten og soknerådet ikkje følgde påbodet. Lensmannen hadde fått telegram om dette frå Politidepartementet etter ordre frå Reichkommissar Terboven. På møtet vart det også lese opp eit brev frå leiinga i presteforeininga, der dei oppmodar kyrkjelydane om å gå i forbønn for biskopane i landet.
Sokneprest Sverre Nilsen i Ulstein stod rakrygga på linja til hyrdebrevet. Kyrkjekampen varte, som lærarstriden og idrettsstreiken, til krigens slutt. Det var ein stor styrke for sokneprest og sokneråd å vite at ein samla kyrkjelyd stod saman som aldri før – for å verje dei kristne verdiane og verne om kyrkja sin rett til ei fri og uavhengig stilling i samfunnet. Biskopane la ned verva sine; det same gjorde mange prestar. Sokneråda på Hareidlandet hjelpte til med å skaffe lønn til presten den tida han ikkje var embetsmann for staten. Quisling prøvde både i brev til sokneråda og gjennom lange avisartiklar, mellom anna trykte i Vikebladet, å vinne fram med synet sitt. Men soknerådet i Ulstein lét seg ikkje presse. I eit møte 7. mars 1942 gjer soknerådet vedtak om å uttrykke støtte til presten sin. Dei er kjende med at Nilsen står på linja til biskopane og støttar denne linja: «… Ulstein sokneråd står saman med presten som vi meiner har handla i fullt samsvar med den tru og vedkjenning som vår kyrkje har.»
Vi ser elles at sokneprest Nilsen er ein ivrig skribent i Vikebladet, særleg den første tida under krigen, der han tek opp ulike kristelege emne til kveik og trøyst for innbyggjarane (Widnes Johansen 2015/2017).
Denne kyrkjefronten var ein faktor som nazistyresmaktene ikkje makta å ta opp kampen mot med særleg hell. Der naziprestar vart tilsette, var kyrkjene tomme, og dei måtte sjå i auga at dei her stod overfor krefter som dei ikkje rådde med. Ulstein sokneråd, presten og kyrkjelyden hadde synt eit mot og ei handlekraft som etterslekta har grunn til å ha den største vørdnad for, konkluderer Peder Fritz Waage i heftet sitt om Ulstein kyrkje (1978).
*
Under den økonomiske krisa i mellomkrigstida hadde fleire vekkingar vist at folk i krisetider ofte søkjer andre verdiar og andre svar. Ved krigsutbrotet i 1940 vart det igjen vekking: – Hausten 1940 gjekk det for seg ei stille og udramatisk vekking over heimbygdene våre. Pastor Kristian Myklebust, som då var sekretær i NKUF-krinsen, heldt vel 40 møte i Ulsteinvik i november og desember. I Haddal talte Bjarne Dyrhol og Martinus Knotten, og også der var det vekking. Det er umogleg å seie kor mange som kom med, men på ei nattverdssamling i kyrkja for dei nyfrelste midt i denne bolken – var det 250 til stades, fortel Kristen Ulstein (1983). Han meiner krigsåra i det heile var ei god tid for det kristelege lagsarbeidet i Ulstein. Seinare vart det vekking i byrjinga av 1943, med samanhengande møteverksemd på bedehuset det meste av dei tre første månadene. Emissær Arne Helseth Dyrset stod i spissen for vekkinga, og han var invitert av IUF-foreininga (ungdomsforeininga til indremisjonen).
*
Når vi er inne på rolla til Ulstein kyrkje under krigen, må vi ta med ei spesiell hending frå 1944. Nokre britiske fallskjermsoldatar som var sleppte ned på Gurskøya for å melde frå om konvoiar gjennom Åramsundet, kom i vanskar og måtte ta seg over til Moltu og vidare til Ulstein. Her tok Johannes Osnes (John oppi Gjerda) hand om dei og fekk dei mellombels plasserte i kyrkjetårnet. Når det gjaldt nøkkel til kyrkja, var han ikkje rådlaus. Han fekk låne den av pedellen, Ingeborg Waage, og filte seg til ein som passa. Ein kveld då barber Eriksen nettopp hadde avslutta arbeidet sitt; han heldt til i det gamle Ulstein Hospits, og var på heimveg saman med Hans Osnes på Solaberget, såg dei at det var lys i kyrkjetårnet. Dei forstod at dette var unormalt og hadde vel også ei aning om grunnen. Hans gjekk opp til John oppi Gjerda og fortalde kva han hadde sett. John var ikkje sein i vendinga og fekk karane i tårnet til å forstå kva dei utsette seg for. Det var alt sendt melding over til England, og om natta tok Tomas Nykrem soldatane med seg i båten sin til Skorpesundet, der eit marinefartøy henta dei over til Shetland (Waage 1978).