Dette kapitlet baserer seg i hovudsak på artiklar og intervju i Vikebladet og bøkene Himmelen over Shetland av Øystein Orten og Lagunen og stormen av Ragnar Ulstein. Boka til Ulstein er eit lokalhistorisk meisterverk på kring 450 sider. Krigshistorikaren Ragnar Ulstein maktar på ein naturleg og levande måte å integrere dei lokale hendingane med den stormen som raste på nasjonalt og internasjonalt plan.

Den 1. september 1939 invaderte Tyskland Polen. To dagar seinare erklærte Storbritannia og Frankrike Tyskland krig. Sjølv om Noreg heldt på nøytraliteten sin, rykte krigshandlingane nærare. Folket i Ulstein følgde spent med det som skjedde på kontinentet. Dei kjende at krigen rykte endå nærare då Sovjetunionen kasta seg over Finland 30. november og starta Vinterkrigen. Sympatien med finnane var som vi har vore inne på, stor i Ulstein. Folk med initiativ kalla inn til møte og sette i gang innsamling av pengar og ryggsekker til nabofolket.