Etter gudstenesta drog 19 mann, dei fleste frå Ulstein mannskor, viste det seg, til Fløstranda og kom att derifrå med våpen og utstyr som dei tok med seg til folkeskulen i Ulsteinvik. Her møttest etter kvart det meste av styrken. HS-jegerane sat natta til endes og reinska våpna som var innsmurde med gris. Då morgonen kom, var dei klare til oppstilling. Mange var forundra då dei såg kven som møtte opp; sikringstiltaka hadde vore strenge.
Heimestyrkane kom raskt i teneste. Avsnittssjef Olav Osnes var i Ålesund med ti mann ved midnatt 8. mai for å vere med på å ta politistasjonen der. På returen 9. mai arresterte dei den einaste kjende nazisten i Ulstein. Sjefen for den tyske styrken på Kvitneset ringde same dag og bad om å få overgi styrken sin. Dei gav han ordre om å kome til ein samtale på Central Pensjonat i Ulsteinvik ut på kvelden. Her fekk han direktiva – som gjaldt alle dei tyske styrkane: Dei skulle halde seg i ro i forlegningane sine inntil vidare. Same kvelden bad den tyske kommandanten om vern mot dei russiske krigsfangane. Eit par dagar seinare måtte ein tropp frå Ulstein rykke ut til russarleiren i Skarbøvika. Det såg ut til å kunne bli ein farleg og vanskeleg operasjon. Tyske meldingar gjekk ut på at russarane var væpna og hadde teke kontroll over leiren. Ulsteiningane låg i stilling rundt leiren, medan det vart ført forhandlingar med russarane. Det heile roa seg til slutt. Det heimestyrkane ikkje kunne vite, var at desse og mange av vel 87.000 andre russefanger, sovjetiske krigsfangar, i Noreg, kom til å gå ein hard lagnad i møte då dei kom heim igjen til Sovjet. Mange vart avretta og mange andre kom til nye dødsleirar i Sibir. Men okkupasjonsmakta Tyskland tok livet av 13.700 sovjetiske krigsfangar under krigen i Noreg; avrettingar, sjukdom, tvangsarbeid og andre forhold.
Ulsteiningane gjorde teneste i Ålesund til dei vart dimitterte 15. juli 1945. Troppen var innkvartert på hotell og vart mykje nytta til raske utrykkingar om det oppstod uro og stimling. Den 25. mai vart ulsteiningane råka av ei ulykke: Den 22 år gamle HS-jegeren Håkon Sandvik frå Ulstein miste livet i ei skyteulykke i Ålesund. Sandvik hadde vore mellom dei første i gruppa og hadde teke del i fleire oppdrag.
Dei ni frå Ulstein som miste livet under krigen var:
- Ole H. Flø, f. 13.august 1901. Hamnearbeidar. Alvorleg såra under eit flyåtak på brakka til hamnevesenet på Halten og døydde 15. oktober 1944 under transport til lege.
- Sigmund Hasund, f. 27. april 1903. Båtsmann. Omkom då båten hans m/t Tananger vart torpedert i Atlanteren i februar 1942.
- Gunnar Kleven, f. 27. juli 1915. Matros. Omkom då skipet hans, d/s Håkon Jarl, vart torpedert på Finnmarkskysten 17. august 1941.
- Arthur Osnes, f. 14. september 1924. Sersjant i RAF. Omkom på tokt over Hannover natta mellom 22. og 23. september 1943.
- Sverre Osnes, f. 9. november 1914. Politikonstabel. Medlem av Torsvikgruppa som organiserte englandsfart. Skoten og drepen 12. juli 1941 ved eit mistak av ein los, då han etter ordre skulle hente han til losteneste.
- Håkon Sandvik, f. 9. april 1923. HS-jeger. Miste livet ved skyteulykke i Ålesund 25. mai 1945.
- Johan Saunes, f. 17. januar 1918. Styrmann. Omkom då skipet hans, d/s Annavore, vart torpedert vest for Biscaya 21. desember 1941.
- Gunder Skodjevåg, f. 29. april 1886. Hamnearbeidar. Alvorleg såra under flyåtak på Halten 15. oktober 1944.. Døydde kort tid etter på sjukehus.
- Andreas K. Vik, f. 5. januar 1916. Dekksmann i marinen. Vart sjuk 29. juli 1942. Døydde på sjukehus i Edinburgh 21. september 1942.