MB Ulstein var tredje båten som gjekk ut Ulsteinfjorden den våren og forsommaren med kurs for alliert hamn. Før hausten var over, drog endå fire fartøy same vegen. Ingen av dei hadde lik overfart. Ein båt kom aldri over. Trass i vanskar med å skaffe båt – eller få far med ein båt – drog etter kvart 44 personar som høyrde heime i Ulstein, mot vest om bord i ni farkostar. Av desse var fem båtar frå Ulstein. Dei fleste av dei ni fartøya fekk vanskar undervegs fordi dei mangla navigatør eller maskinist, eller begge delar.
«Du har hjelpt sonen din å reise til England», var klagemålet frå tyskarane då Julius Ulstein vart arrestert i august 1941. Julius var ikkje åleine om å bli send til Grini frå Ulstein. Rett etter at Ulstein hadde reist, vart fedrane til ungdommar som hadde vore med Merkur, henta av politiet og førte til Ålesund. Derifrå gjekk turen vidare til Grini for Thomas Hatlø, Rasofiel Dimmen, Kristian Olav Vik og Matheus Ulstein. Seinare på sommaren vart fedrane til dei som reiste med Ulstein, kalla inn til forhøyr. Dei eldste vart sette fri, medan Andreas Dimmen, Petter J. Osnes og Julius Ulstein hamna i fangenskap:
– Eg vil ikkje gramme meg over forholda på Grini. Vi hadde lite mat, naturlegvis. Om hausten klaga eg til legen over at eg fraus på hendene. Dermed fekk eg kome inn i kjellaren og skrelle poteter. Der sat eg saman med Francis Bull. Vi var ikkje særleg flinke potetskrellarar nokon av oss, fortalde Julius Ulstein til lokalavisa. Han vart sleppt fri i november same året; alle ulsteiningane var fri i løpet av 1942.