I krigsmagasinet frå 1995 fortel Vikebladet også historia om Fiskaren: I midten av september 1941 var det samla så mange personar som skulle over til England, at det byrja å bli farleg. Det hasta med å skaffe båt. Straks bodet kom, tok Store-Jon kontakt med eigaren av Fiskaren, Josef Skeide. Han sa seg villig til å overlate båten – berre han fekk økonomisk hjelp til å betale gjelda han hadde på skuta.
Båten vart lasta og drog frå Ulsteinvik 29. september, medan Skeide venta så lenge han torde med å melde båten stolen. Med seg til lensmannen hadde han både oljespiss og ei krane til startflaska som bevis på at han hadde gjort sitt for å hindre at nokon stakk av med fartøyet.
Lensmannen kunne ikkje vite at ingen av desse delane høyrde til Fiskaren som kom til Lerwick 3. oktober med 25 personar om bord. Seinare på hausten gjekk Erkna over på rekordtid (to dagar) med 60 flyktningar. Noko tidlegare hadde fiskebåten Hod vorte stolen av folk som hadde hastverk med å kome seg unna tyskarane. Trossene vart hogde av, og så stakk dei til havs. Men fienden senka båten, og granskingar seinare tyder på at kring 20 personar kom vekk. Fleire av dei omkomne hadde vore medlemmer i ei av eksportgruppene.
Men før alt dette – i midten av juni – sette ein flokk ungdommar for eiga rekning kursen mot England med MB Ulstein. Om lag halvparten av Ulstein-ungdommane som reiste over til England under krigen, reiste med denne båten. Vikebladet-magasinet frå 6. mai 1995 fortel grundig om denne reisa. Det same gjer Øystein Orten og Ragnar Ulstein i bøkene sine. Det skulle bli ein tur med meir dramatikk enn passasjerane sette pris på. Som så mange andre båtar fekk dei problem med motoren. Dei måtte gjere vendereis, men ved eit nesten overjordisk hell kom rømlingane seg over falla på Hustadvika og styrte inn til Vevang, der det aula av tyskarar. Ein smed på Lauvøya nord for Vevang hjelpte dei med motoren, og slik kunne dei atter setje kursen mot Shetland. Dit kom dei 24. juni etter å ha kasta loss frå Ulstein åtte dagar tidlegare.