Som vi veit, slo koronapandemien til utover vinteren 2020. I mars dette året vart det innført strenge smitteverntiltak i Noreg. Situasjonen sette også sitt preg på Ulstein, sjølv om vi frå skrivepunktet i mars 2021 kan slå fast at det så langt ikkje har vore mykje smitte her. Men delar av næringslivet har vore råka. Vaksineringa er i gang.

I Ulstein var folketalet i 4. kvartal i 2020 8575 innbyggjarar. Det var ein nedgang på fire det siste kvartalet. Dette året vart det fødd 85 born i kommunen. Mellom innbyggjarane var det kring 260 frå Polen, rundt 90 frå Eritrea, 70 frå Litauen, knapt 50 frå Filippinane, i tillegg til rundt 20 frå kvar av landa Sverige, Tyskland og Irak. I framskrivinga si rekna Statistisk sentralbyrå med at det ville bu 9019 personar i Ulstein i 2030 og 9839 personar i 2050.

I 2020 var flest ulsteiningar sysselsette i sekkeposten sekundærnæringar med kring 1500. Her finn vi først og fremst industriverksemder. Sekkeposten varehandel, hotell og restaurant, samferdsle og ulike tenesteytingar gav arbeid til 1400. I helse- og sosialtenestene jobba 700, og i undervisningssektoren arbeidde 400. I posten jordbruk, skogbruk og fiske arbeidde det no knapt 100 personar, om lag det same som i personleg tenesteyting.

Arbeidsløysa var framleis høg både i Ulstein og Hareid i starten av 2019. Like før jul i 2018 kom statistikken som viste at arbeidsløysa i fylket var på 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Men i Ulstein var det 3,2 prosent ledige, 147 arbeidstakarar. Hareid hadde den høgste arbeidsløysa i Møre og Romsdal med 4,0 prosent. Då nye tal kom i mai dette året, var det lite endring i Ulstein og Hareid. Men i november kunne NAV melde at arbeidsløya i distriktet hadde gått ned. No var det 2,5 prosent arbeidsledige i Ulstein, 76 menn og 36 kvinner. I Hareid var arbeidsløysa 2,7 prosent.

I Ulstein kommune valde politikarane å tilsette veteranen Verner Larsen til ny rådmann (seinare kalla kommunedirektør) etter Einar Vik Arset som hadde fått jobb som direktør i Kystverket. Han hadde vore tilsett i Ulstein sidan 2010, medan Larsen hadde vore økonomileiar og assisterande rådmann i mange år. I 2016 og -17 var han konstituert rådmann medan Arset hadde permisjon. Rådmannsskiftet skjedde 1. februar 2019. Vi kan legge merke til – truleg som ein suksessfaktor – at det har vore eit stabilt leiarsjikt i den kommunale organisasjonen i Ulstein. Sosialsjef, helsesjef, teknisk sjef, rådmann og andre har i periodar halde stand i mange år. Samtidig har det vore tilvekst på godt kvalifiserte medarbeidarar. Dette har gitt både kontinuitet og ny innsikt – til det beste for innbyggjarar og utvikling.

Ulstein kommune sette i 2018 i gang eit effektiviseringsprosjekt. Skulestrukturen var noko av det som skulle vurderast. Om Ulstein skulle ha fire, tre eller to barneskular, var noko av det som skulle diskuterast når dei tre arbeidsgruppene hadde kome fram til ulike nedskjeringstiltak i kommunen i løpet av 2019. Målet med effektiviseringsprosjektet var å spare 17 millionar kroner årleg. Dei tiltaka som gruppene la fram til vurdering i februar 2019, bar med seg ei årleg innsparing på 23 millionar. Gruppene vart leia av kvar sin kommunalsjef og omfatta oppvekstetaten, helse- og sosial, administrasjon, tekniske tenester og eigedom. I Haddal var bygdefolket igjen klare til å kjempe for skulen sin: – Å legge ned Haddal skule vil få fatale konsekvensar for bygda. Vi kjem sjølvsagt til å kjempe mot dette, insisterte FAU-medlem Lill Marit Baade i samtale med lokalavisa. Midt i februar 2019 viste det seg at eit samla formannskap ville verne skulestrukturen i kommunen. Seinare følgde kommunestyret opp i same lei.

Men at Ulsteinvik barneskule var for liten, det hadde vore kjent i mange år. Skulen vart bygd for om lag 100 færre elevar enn no, og hadde nytta brakker. Men i 2019 var planen å rive det gamle idrettsbygget og reise eit nytt skulebygg, der første, andre og tredje klasse og ei personalavdeling skulle halde til. Det nye bygget skulle knytast saman med det gamle med eit glasbygg. Brakkebygget ville også bli rive og området nytta til uteplass. Etter ombygginga vil skulen vere dimensjonert for 525 elevar. Målet var å kome i gang med bygginga i løpet av 2020. Frå skrivepunktet i mars 2021 veit vi at bygginga er i full gang, og at bygget kanskje kan takast i bruk til skulestart i 2021.

Staten bestemte seg for å avvikle flyktningmottaket til Link på Søre Sunnmøre etter at talet på flyktningar hadde minka sterkt. Då kontrakten med UDI gjekk ut 1. desember 2019, vart dei 169 som budde på mottaket med base i Ulsteinvik, flytta til andre kommunar. Etter 18 års drift i Ulsteinvik heldt Link/Søre Sunnmøre Mottak den siste samlinga i oktober 2019, haustfest på Hasund bygdehus. Ikkje minst for borna ved mottaket var det trist og vanskeleg at dei måtte bryte opp midt i eit barnehageår eller skuleår.