2019 gav endå eit år med minus for Ulstein Group. Då tala låg føre, viste dei eit minus-resultat på 204,4 millionar kroner etter ei omsetning på 2,57 milliardar: – 2019 var eit krevjande år der vi har prioritert omstilling for større konkurransekraft. Ulstein har lykkast med å etablere seg i nye marknadssegment med kontraktar innan ekspedisjonscruise, RoPax (passasjer og last) og havvind. Men det har teke tid og vore kostbart, fortalde konsernsjef Gunvor Ulstein i ei pressemelding. Ho la til: – Koronapandemien har ikkje hatt direkte innverknad på rekneskapen for 2019, men vil vere med og gjere det usikkert for Ulstein framover. Kor lang tid det vil ta før cruisenæringa er tilbake i ein normalsituasjon, er uvisst.
I dokkhallen til Ulstein Verft låg no kabelskipet Nexans Aurora som skulle leverast i 2021. Skroget til eit nytt ekspedisjonsskip til National Geographic kom til verftet hausten 2020. Søsterskipet vart levert i mars 2020, men låg enno til kai som ein effekt av koronapandemien.
I september 2020 gjorde lokalavisa kjent at Tore Ulstein hadde trekt seg frå den daglege drifta av Ulstein Group, med verknad frå 1. september. Han hadde hatt stillinga som visekonsernsjef i Ulstein Group og direktør i Ulstein Design & Solutions. No skulle han halde fram i styreverva sine: – Som styreleiar vil eg framleis ha eit stort engasjement for å kome oss igjennom den krevjande perioden som Ulstein og delar av den maritime klynga er i. Det har vore nokre intense år etter oljenedgangen i 2014-15. Først ein periode med kraftig omstilling, og no korona. Det er klart det tek på å ha ei så sentral rolle i eit lite lokalsamfunn, slo Tore Ulstein fast i samtale med Nett.no.
Vel ein månad seinare kunngjorde Gunvor Ulstein at ho gjekk av som konsernsjef i Ulstein Group etter 22 år i stillinga og gjennom mange oppturar og nedturar. Men ifølgje pressemeldinga ville ikkje engasjementet hennar for konsernet bli mindre: – Som styreleiar i Ulsmo, majoritetseigaren i Ulstein Group, og styremedlem i fleire Ulstein-selskap vil eg framleis jobbe hardt for at konsernet skal utvikle seg vidare og ha ei levedyktig framtid, insisterte Gunvor Ulstein. I eit intervju med lokalavisa la ho forklarande til: – Vi har sett over tid at det er krevjande å handtere eigarrolla vår i kombinasjon med den operasjonelle, daglege drifta; spesielt sett i lys av tida vi er inne i no. Det å kunne reindyrke rollene, sjå kvar vi kan bidra mest, det er det dette handlar om, forklarte den avtroppande konsernsjefen, som la til at ho og broren Tore med sine meir frie roller ville jobbe for å skape blest om Ulstein ute i marknaden: – Vi vil få meir tid til å tenkje strategisk; kvar vi skal vere om tre, fem eller ti år. Situasjonen med usikre utsikter og koronapandemi gjer at det vil ta tid å kome skikkeleg tilbake.
Gunvor Ulstein var elles veldig glad for å ha fått på plass ein erstattar som konsernsjef, Cathrine Kristiseter Marti, som kom frå stillinga som finansdirektør i konsernet, ei rolle ho hadde hatt i seks år. Den 2. november 2020 ville ho sitje i sjefsstolen. Ho tok over som toppleiar i Ulstein Group i ei tid då den maritime industrien var hardt pressa. Først kom oljekrisa i 2014/15, og mange i næringa, også Ulstein Group, bestemte seg mellom anna for å satse på spesialskip innan cruise, og satsa store summar på dette, og samtidig sikta seg mot segmentet med fornybar energi. Så kom koronapandemien og sette kjeppar i hjula for cruisetrafikken. Ein rapport frå Menon Economics rekna med at den maritime næringa kunne bli halvert frå 2015 til 2022, og gå frå 115.000 til 66.000 arbeidsplassar ved utgangen av 2022. Verst såg det ut for dei store skipsverfta. Men den nye konsernsjefen var optimist i intervju med lokalavisa 25. oktober 2020: – Eg hadde ikkje teke denne jobben utan å ha trua på at det var mogleg å ta Ulstein Group gjennom krisa. Det hadde vore uforsvarleg av meg. Men det blir viktig å ta dei rette grepa framover. Det er mange arbeidsplassar som står på spel, slo Cathrine Kristiseter Marti fast. Ulstein Group hadde på dette tidspunktet 550 tilsette, men den nye konsernsjefen ville ikkje gi lokalavisa noko svar på kor mange dei ville bli i åra framover.
Den 29. januar 2021 sende Ulstein Group ut ei pressemelding der det kom fram at konsernet må igjennom omstrukturering og nedbemanning. Årsaka var mellom anna å finne i sviktande marknad og ingen store nye ordrar. Derfor måtte organisasjonen tilpassast. Det medførte at dei fleste norske selskapa i konsernet måtte bu seg på nedbemanning, og minst 100 av dei 420 tilsette i konsernet ville misse arbeidet: – Vi jobbar i ein syklisk bransje og må heile tida tilpasse oss marknaden. Og når det er få nye oppdrag og når koronasituasjonen påverkar kundane våre, blir det krevjande, kommenterte konsernsjef Marti og la til: – På verftet har vi framleis to store byggjeprosjekt som skal ferdigstillast i 2021, men vi har diverre ikkje lykkast med å skaffe nok nye ordrar for å unngå oppseiingar. Vi arbeider kvar dag med å få inn nye kontraktar for konsernet, med særleg fokus på ombyggingskontraktar som raskare vil kunne gi arbeid. Vi ser nokre positive signal i marknaden, men må likevel rigge konsernet slik at vi har konkurransekraft når marknaden kjem tilbake, sa Marti i den utsende pressemeldinga.
Mange var bekymra for dei lokale verfta denne perioden. Bransjeorganisasjonar som Maritimt Forum og Maritim Bransjeforening i Norsk Industri vende seg til styresmaktene med bønn om nye tiltak og meir draghjelp for dei store verfta gjennom krisa. Eitt viktig tiltak var betre finansieringsordning for nye fartøy. Om lag ved skrivepunktet i mars 2021 kom ein delegasjon politikarar og besøkte mellom andre Ulstein Verft. Dei lova å støtte dei tiltaka som Maritimt Forum og Norsk Industri hadde lansert til industriministeren: – Politiske styresmakter må gi GIEK høve til å auke garantien sin til bank og garanti og byggjelånsrammer til verft frå 50 til 75 prosent. Samtidig må bankane utvide finansieringsramma si frå 70 til nærare 90 prosent av byggjekostnadene, kommenterte Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest.
Om lag slik var situasjonen rett før påske i mars 2021. Men der kom også positive og optimistiske signal inn i denne situasjonen. Helge Gjerde (60) frå Ulsteinvik hadde arbeidd i mange år i maritim industri. Sidan 2019 hadde han vore direktør i Innovasjon Norge i Møre og Romsdal. Gjerde vart intervjua i Vikebladet Vestposten fredag 19. mars 2021. Det hadde gått eit år sidan koronapandemien førte til omfattande tiltak i Noreg og resten av verda: – Då dette slo innover oss i mars i fjor, kunne ingen vite kva dette ville seie for næringslivet og resten av samfunnet. Vi var nok alle uroa. Men så er det ofte slik at kriser også skaper sjansar. Sjølv om det siste året har vore krevjande, har det både dukka opp nye idéar og mykje innovasjon, fortalde Gjerde. Avisa spør han om kva han tenkjer om den maritime næringa som er så viktig i regionen vår: – I maritim sektor er dei meir langsiktig uroa enn til dømes i reiselivet. Pandemien har gjort at det ikkje kjem nye kontraktar til verfta. Maritim næring er i ein krevjande situasjon sidan oljekrisa tok bort offshoremarknaden og pandemien cruise- og ekspedisjonsmarknaden. Det er dei store verfta og reiarlaga som har dei største vanskane, medan mindre verft, slik som Larsnes og Myklebust, går bra, summerte Gjerde opp.
På spørsmål om han trur næringa kjem til å klare endå ei omstilling, svarer han: – Ja, eg er veldig optimistisk. Det er laga mange rapportar og stortingsmeldingar om framtida til maritim næring. Det meste byggjer på at det er stort potensial i næringa. Det gjeld også for vår region. Det handlar mykje om grøn og digital omstilling. Til dømes er det stort vekstpotensial i offshorevind-marknaden og i mineralutvinning på havbotnen. Det er også mogleg å kople saman ulike næringar, konkluderte Gjerde.