Midt i mars 2015 hadde prisen på Ulstein Arena kome opp i 268 millionar kroner. Kommunen hadde no fått inn tilbod på prosjektet, og kultursjef Leif Ringstad orienterte kommunestyret. I økonomiplanen var det budsjettert med 228 millionar kroner, og så skulle kommunen få 26 millionar i spelemidlar. Låneramma var 202 millionar. Kommunen måtte dermed løyve 21 millionar kroner meir.
Laurdag 11. april 2015 presenterte Vikebladet Vestposten eit stort oppslag, der dei fire partitoppane Pål Grødahl (V), Knut Erik Engh (Frp), Lisa M. Breivik Anderson (Sp) og Steinar Torvik (KrF) fortalde lesarane at dei ønskte å stoppe Ulstein Arena. Dei fire kunne ikkje sjå at kommunen hadde råd til denne investeringa: – Ap og Høgre må tenkje seg godt om før Ulstein kommune går vidare med Arena. Eit ja til Arena er det same som å seie nei til andre viktige oppgåver, eller ja til eigedomsskatt, vurderte dei fire. Saka skulle opp i kommunestyret 24. april, og sidan kommunestyret gjorde førre vedtak i saka, hadde prisen stige med 40 millionar kroner til 268 millionar. Noko av dette skulle finansierast ved sal av parkeringsplassar i parkeringshuset under Arena.
Men under kommunestyremøtet stod Ap og Høgre samla og gav grønt lys til å byggje Ulstein Arena for 268 millionar kroner. Dei andre partia gjekk inn for å utsetje saka til handsaminga av økonomiplanen til hausten, medan Venstre kom med eit kompromissforslag om å redusere kostnadsramma til 170 millionar. Men desse forslaga nådde altså ikkje fram. Entreprenøren Peab-K. Nordang gjekk rett frå Sjøsidaprosjektet til å starte arbeidet med Ulstein Arena: Tidspunktet er perfekt for oss; vi treng berre flytte nokre hundre meter. Desse prosjekta høver som hand i hanske for oss – med visjonen vår om å vere ein samfunnsbyggjar, fortalde dagleg leiar Kjetil Nordang til lokalavisa. Arbeidet med Ulstein Arena var godt i gang sommaren 2015, og Ulstein samfunnshus vart rive om våren.
Våren 2017 kunne innbyggjarane i Ulstein lese i lokalavisa at Ulstein Arena vil koste langt meir enn 268 millionar kronar. Kommunestyret hadde fått vite at budsjettsprekken kunne bli på nærare 45 millionar kroner. Samtidig tilspissa debatten om kommunebudsjettet seg, og ordførar Knut Erik Engh (Frp) var mellom dei som ikkje såg anna løysing enn å innføre eigedomsskatt: – Det må ein hestekur til for å få skikk på økonomien, uttalte han til Vikebladet Vestposten i slutten av november 2017. Men sjølv om det hadde blitt mange rundar både i utval og kommunestyre stod Ulstein Arena no klar til opning. Det hadde gått to og eit halvt år sidan det første spadetaket. Driftsbudsjettet for Ulstein Arena viste 12,5 millionar kroner i året. Kommunen rekna med at det ville bli inntekter på badinga både frå omsorgsetaten og publikum (kring 3 millionar). Så ville Ulsmo sponse med tre millionar kroner i året dei ti første åra. I tillegg rekna kommunen med inntekter frå halleige, klivrehallen og frå sal til lag og organisasjonar.
Laurdag 2. desember 2017 var det stor opning av Ulstein Arena. Det møtte opp mykje folk. Kultursjef Leif Ringstad, som hadde arbeidd mykje med det store prosjektet, fortalde dei frammøtte at han hadde håpt på 500-600, men så kom det dobbelt så mange! Fleire hadde også med seg badebukse for å få prøve det nye badeanlegget. Ringstad mintest at han hadde fått oppdraget av rådmann Hans Jakob Sandanger for 11 år sidan. Bassenget ved barneskulen hadde blitt drive på dispensasjon i mange år, og kommunen trong betre hallkapasitet. Det var meininga at private og kommunen skulle betale halvparten kvar. Men det var vanskeleg å få finansieringa på plass.
Ringstad takka Ulsmo for at dei ville betale 3 millionar kroner i årleg støtte i ti år, og han la til at denne opningsdagen var ein av dei største dagane i Ulstein-historia, ei enorm satsing på born og unge. Han takka også politikarane som hadde vore visjonære og hadde hatt tru på prosjektet. I oktober 2018 vart Ulstein Arena tildelt Statens pris for byggkvalitet.
Biblioteket vart også opna, og gjekk nye vegar ved å halde ope også på tider (kveldstid med meir) då det ikkje var bibliotektilsette til stades. Eit korps av frivillige tok på seg å vere vakter fram mot stengetid etter ei turnusordning.
Etter nærare 10 år med planlegging og bygging låg endeleg kostnadene med Ulstein Arena føre i mai 2009. Tala var ikkje små. Investeringa enda til slutt på nesten 316 millionar kroner. Så venta inntekter frå sal av parkeringsplassar og tilskot av tippemidlar – som ville redusere nettokostnaden ein del. Spørsmålet var om politikarane kunne ta lærdom av dei mange kostnadssprekkane i dette prosjektet, og halde ei fastare hand over neste prosjekt. Ulstein sokn ivra no for ny kyrkje. Men det politiske klimaet var ikkje høveleg for ei slik investering på dette tidspunktet.