Lat oss ta med nokre hendingar i kultur- og idrettslivet i perioden utover frå 2015. IL Hødd hadde til dømes nokre sterke utøvarar i turngruppa. Nettopp i 2015 tok klubben den første NM-medaljen sin i turn. Edel Charlotte Eiken Fosse tok sølv i junior-NM og vart teken ut på juniorlandslaget. Fosse hadde då nettopp vunne ein større regional konkurranse og hadde vist talent og treningsvilje i fleire år. I 2016 tok Edel Charlotte to gull i junior-NM. Litt seinare kvalifiserte ho seg til EM i Sveits.

Edel Charlotte Eiken Fosse vart noregsmeister for junior våren 2017 og kvalifiserte seg med det til europeisk ungdoms-OL i Ungarn. Ein annan ung ulsteining vart også noregsmeister; Jonas Moe Sundgot (18), var raskare enn alle andre, også dei som var fleire år eldre, og suste over målstreken til NM-tittel i gokartklassen X30: – Dette NM-gullet set eg høgt. Det er det største eg har opplevd i gokart-karrieren, sa Sundgot til lokalavisa.

I åra rundt 2015 gjorde Ulstein kommune ein innsats for å byggje turveger i fjella på øya. I august 2015 var arbeidet med å lage turveg frå Gamleeidet til Vikeskaret i gang. Målet var at turvegen skulle stå ferdig til jul. Kultursjef Leif Ringstad i Ulstein kommune var ein viktig pådrivar for turvegane. Det same var trimentusiast Lindor Skeide i Hødd: – Idéen med denne turvegen var at trakkemaskinen kunne kome seg lengre opp. Snøen ligg lenger oppe i Vikeskaret, og det er eit område der det har vore populært å gå på ski, fortalde Ringstad til lokalavisa – og la til: Vi har hausta erfaringar frå det vi har fått til frå Vikemarka og opp på Gamleeidet, men også ute i Bugarden. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå publikum, som meiner vi har fått til flotte turvegar.

Det var likevel ikkje alle som likte turvegane gjennom myrar og lyng: – Inngrepa i naturen er som vandalisme å rekne, basunerte Nils-Roar Hareide, ulsteining og leiar ved Runde Miljøsenter, til Vikebladet Vestposten.

Midt i januar 2016 var det storstilt opning av skeisebane og turvegar i Bugardsmyrane: – Anlegget med dammen i Bugardsmyrane og gangvegen over til Skeide er eit døme på at vi her i Ulstein er flinke å få til i lag, uttalte kultursjef Leif Ringstad i samband med den offisielle seremonien. Under arrangementet i Bugardsmyrane fekk Lindor Skeide tildelt Frivilligprisen for innsatsen sin for trim, trivsel og folkehelse.

SSR-sjef Einar Heimdal fekk gleda av å klippe snora under den offisielle opninga av NMS Gjenbruk i store gode, lokale i Sjøgata i Ulsteinvik i 2016. Styreleiar Inge Kaldhol orienterte om tiltaket, og fortalde at Det Norske Misjonsselskap hadde om lag 48 butikkar omkring i landet, som det siste året hadde hatt eit overskot på 17 millionar kroner. Pengane gjekk til det internasjonale arbeidet til misjonsselskapet. Butikken i Ulsteinvik opna i 2002.

I 2005 gjekk 14 tamilske kvinner saman om å stifte lokallag for Tamilsk Kvinneorganisasjon i Ulstein, Hareid og Herøy. I januar 2016 markerte lokallaget 10-årsjubileum, rikt på farge, smak og program. Det var ein vakker fest på loftet til Ulsteinvik barneskule, med dans, song og mat.

Laurdag 16. april 2016 var det stor festivitas på rådhusplassen i Ulsteinvik. Då vart krigsveteranen, forfattaren og krigshistorikaren Ragnar Ulstein heidra med byste. Initiativtakar Kjell Garnes hadde teke kontakt med Ottar Kaldhol og meinte Ulstein fortente ei særleg markering og takk frå heimbygda. Kaldhol var samd og tok kontakt med leiar Aksel Hauge i Ulstein historielag. Historielaget nemnde så opp ei arbeidsgruppe med Aksel Hauge (leiar), Heidi Myklebust, Kjell Garnes, Svein Eiksund, Ottar Kaldhol, og med kultursjef Leif Ringstad som representant for Ulstein kommune. Framfor ein tettpakka rådhusplass avduka forsvarsminister Ine Eriksen Søreide bysta, berre få dagar før 96-årsdagen til Ragnar Ulstein. Ulstein vart heidra for innsatsen sin under andre verdskrigen, men også for alt dokumentasjonsarbeidet han hadde lagt ned etter krigen. Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen delte eit år tidlegare ut Forsvarets Heiderskors til Ragnar Ulstein, no var han på rådhusplassen i Ulsteinvik for å heidre Ulstein.

Ståande ved bysta av seg sjølv talte Ragnar Ulstein til sambygdingane: – Eg har i hjerte og sinn alltid vore ulsteining, sjølv om eg no er ålesundar. Han takka for æra og sa mellom anna: – Fridommen er den søyla som ingen må røre. Ho kan ikkje bøye av. Denne utfordringa kjem vi til å møte i generasjonar framover. Då må vi stå fast.

Det var skulptøren Ola Stavseng frå Stordal som hadde skapt bysta av Ulstein. Til stades under festlunsjen etter avdukinga var mellom andre krigsveteranane Joakim Rønneberg og ulsteiningen Anton Kleiven.

Då Hødd handball feira 70-årsjubileum i juli 2015, varta klubben opp med eit spenstig arrangement. Ulstein Cup i den nye Ulsteinhallen var ei landslagsturnering mellom kvinnelandslaga i Noreg, Frankrike, Romania og Spania. Arrangementet samla eit stort og entusiastisk publikum, og aktørane signaliserte at dei var særs nøgde med arrangementet og stemninga. Spania vart til slutt det beste laget.