Sparebanken Møre opplyste i januar 2015 at 2014 hadde vore bankens beste år nokon gong. Årsresultatet etter skatt vart på 623 millionar kroner, ein auke på 38,4 prosent frå året før: – Klart vi er stolte, vedgjekk dei lokale banksjefane, Nina Holm Sundgot (Ulsteinvik) og Melinda Skeide (Hareid) i samtale med lokalavisa.
Det lokale næringslivet var inne i ein hektisk periode utover våren 2014. Få venta eit dramatisk oljeprisfall berre eit lite år fram i tid. Då verfta i regionen la fram resultata sine for 2013, var dei solide. Men alt i 2012 kom det signal om at oljeboomen kunne få ein brutal slutt. Ein reportasje i Vikebladet Vestposten viste at supply-reiarlaga hadde tinga nybygg for om lag 40 milliardar kroner. Med i dette var sju kontraheringar hos Island Offshore i Ulstein: – Vi må vere ærlege og seie at vi fryktar at det blir for mange nybygg i marknaden, svarte Håvard Ulstein, leiar i reiarlaget.
Allereie hausten 2014 starta oljeprisen å falle. Årsaka var samansett. I USA hadde produksjonen av skiferolje skote fart, og var venta å vekse ytterlegare. I eit land som Libya, der krigen hadde øydelagt store delar av produksjonen, hadde eksporten teke seg raskare opp enn venta. Dessutan auka OPEC, med giganten Saudi-Arabia i spissen, produksjonen for å halde på marknadsdelane sine heller enn å halde prisen oppe.
Bankane starta 2015 med å setje ned renta på bustadlån, og økonomiprofessor Torger Reve varsla slankekur for delar av norsk industri på grunn av den låge oljeprisen. Det kraftige oljeprisfallet til under 40 dollar fatet kom overraskande også på Reve. Han avviste likevel at Noreg stod overfor ei krise i økonomien. Den ville først kome om oljeprisen vart låg permanent. Det positive ved den låge oljeprisen var at krona vart svekt, og dermed gav betre vilkår for eksportindustrien. Det skulle vise seg at oljeprisen heldt seg låg, sjølv om han etter kvart kom noko opp frå det lågaste nivået.
Vinteren 2015 hadde dei lokale offshorereiarlaga byrja å merke dei tøffe tidene. Fleire la no båtar i opplag, ein uvand situasjon for både eigarar og tilsette. Utover hausten kom stadige meldingar om reiarlag som måtte legge båtar i opplag. Og frå den maritime industrien kom det varsel om oppseiingar. Ulstein Group hadde i januar 2016 120 permitterte. Dei offensive offshorereiarlaga hadde på mange vis vore motoren i det lokale, maritime næringslivet med sine mange tingingar av nye skip, og gjerne med omfattande engasjement i lokalsamfunna elles. No var dei i trøbbel. Sommaren 2016 ser vi til dømes at Røkke og Aker går laus på Rem Offshore via Solstad. Det skulle snart vere slutt for det velkjende Fosnavåg-reiarlaget.
Det er mykje likskap mellom den økonomiske krisa frå 2015 og det som skjedde i dei lokale kystsamfunna frå kring 1920 og utover. Ein boom med høge prisar på råvarer som fisk og selprodukt gav optimisme og lånebasert investeringsiver. Så fall prisane, og gjelda slo mange aktørar over ende.
I eit intervju med Sunnmørsposten i starten av august 2016 tok nestor Per Sævik eit knusande oppgjer med byggjeboomen og gjeldsspiralen i supplynæringa dei siste ti åra: – Vi vart fartsblinde og miste respekten for lån i milliardklassen. Når alle tenkjer likt, er det ingen som tenkjer særleg mykje. Slik summerte han opp det som hadde gått føre seg i bransjen. Han gjorde ikkje noko unntak for seg sjølv. Hans eige reiarlag, Havila Shipping, hadde vore med på same galeien som dei andre: – Vi har i stor grad skuld i dette sjølve. Derfor kan vi ikkje vente at nokon skal rydde opp i det rotet vi har skapt. Det er vi eigarane og bankane som no må prøve å finne ut