Kommunevalet i 2015 gjorde Frp til det største partiet i Ulstein. Kanskje vart Ap og Høgre straffa av veljarane fordi partia hadde ivra slik for å realisere det påkosta Arena-prosjektet. Eit samarbeid mellom Frp, KrF, Venstre, Sp og SV gjorde Knut Erik Engh (Frp) til ordførar og Steinar Torvik (KrF) til varaordførar. Frp fekk 21,3 prosent av stemmene og 6 representantar, Høgre 21 prosent (5), Ap 19,7 (5), KrF 13,1 (3), Venstre 12,2 (3), Sp 7,7 (2), SV 3,4 (1) og Dei kristne 1,6 (0). Kommunestyret vart samansett av 17 menn og åtte kvinner. Magne Grimstad jr., som hadde vore ordførarkandidat for Ap, trudde at årsaka til at Ap og Høgre gjekk tilbake, var at desse partia hadde stått på for å realisere Arena: – Mange innbyggjarar er uroa for den høge gjelda i Ulstein kommune, og trur at vi ikkje tek bekymringar innover oss. Andre parti, ikkje minst Knut Erik Engh og Frp, har vore dyktigare til å målbere kor viktig det er å drive ein økonomisk ansvarleg politikk. Men eg vil minne om at Frp og dei andre partia har stemt for 1,3 milliardar av det totale gjelda i kommunen, sa Grimstad ifølgje lokalavisa.
Då det nye Ulstein kommunestyre konstituerte seg, vart desse valde inn i formannskapet: Tor Meinseth (H), Knut Kleiven (H), Renathe Rossi-Kaldhol (Ap), Lisa Mari Breivik Anderson (Sp), Pål Grødahl (V) i tillegg til ordførar Knut Erik Eng (Frp) og varaordførar Steinar Torvik (KrF).
Ein politisk veteran deltok i sitt siste kommunestyremøte 24. september 2015. Jan Berset (H) hadde sete 32 år i Ulstein kommunestyre, det vil seie åtte periodar – og tre av dei som ordførar. Berset nytta dette møte til symbolsk å utrope friidrettstalentet Karsten Warholm til ambassadør for Ulstein kommune. Warholm var til stades og tok imot eit diplom som bevis for heideren: – Dette handlar ikkje berre om prestasjonane til Karsten, men like mykje om måten han taklar prestasjonane på og korleis han står fram som menneske, understreka Berset i talen sin.