Det var tunge tider for delar av butikkbransjen rundt 2014-15. Internett tok over ein større del av handelen frå ein del bransjar, og dei usikre tidene i 2015 – med permitteringar, oppseiingar og stigande arbeidsløyse gjorde sitt til at folk heldt hardare på lommeboka. Torsdag 8. januar 2015 melde lokalavisa at Eiken Bok & Papir AS avvikla drifta. Ei av dei mest tradisjonsrike forretningane i Ulsteinvik gav seg etter 54 år. Det var Arne J. Eiken som starta butikken i 1961. I 2012 tok Øystein Muren over som dagleg leiar, men bokhandelen Eiken Libris klarte ikkje å kome over kneika som no råka bokhandlarbransjen: – Det er trist, men samtidig er eg stolt over den bokhandelen vi har drive. Eg vil oppmode kundane om å ta vare på dei lokale butikkane som er igjen i regionen. Saknet etter dei kjem oftast ikkje før dei er borte, og då er det for seint, sukka Øystein Muren i intervju med Vikebladet Vestposten.
Butikkar kom og gjekk i Ulstein i åra rundt 2015 også. Vi kan ikkje ta med så mange av dei i dette kapittelet. Men vi vil likevel nemne Æra, lokalisert til Sjøsida. Der satsa duoen Johs. Chr. Riise og Aleksander Håskjold på ein klebutikk som skulle vere meir enn berre butikk; dei ville satse på å skape ei spesiell atmosfære for alle som kom innom. Etter kvart ville Æra også få kaffibar. Men det var ikkje lett å overleve, skulle det vise seg.
Gjennom investeringsselskapet Kaston AS i Fosnavåg tok Sigurd Teige over den tradisjonsrike Hatløy Målarforretning i Ulsteinvik i januar 2016. Butikken skulle no inn i kjeda Nordsjø Idé & Design. Drivar av Hatløy Målarforretning dei siste åra hadde vore Terje Hatløy. Han var glad for avtalen, men la til i samtale med lokalavisa: – Etter 50 års drift er det sjølvsagt vemodig å slutte, men samtidig kjenner eg meg trygg på at Teige, med kjennskapet han har til målingsbransjen, kjem til å ta vare på butikken og kundane på ein god måte. Teige dreiv frå før Westing AS, ein stor aktør på skips- og industrimåling. I september 2017 endra den tradisjonsrike butikken namn til Kuling. Men i 2019 var det slutt, og Kenneth Dimmen tok no over butikklokala i Sjøgata 71. Han hadde drive med måling, fliser og golvbelegg i 30 år då han fekk tilbodet om å ta over lokala. Dermed opna han ein ny fargehandel i Ulsteinvik. Den 23. januar 2020 var det opningsfest for Dimmen Malarservice AS/Flügger Farve i Sjøgata, i same lokala som Hatløy Målarforretning, og deretter Kuling, hadde halde til.
I starten av juni 2016 vart det igjen aktivitet i restaurantlokala i Convex-bygget. No var det Folk Spiseri som ville prøve seg. Eigarar og drivarar var Ingrid Margrethe Ulstein og Thor Erik Andersen. Kokk`n Roll hadde halde til i lokala tidlegare, men vart slått konkurs i 2015. Men i slutten av mai 2017 vart det kjent at Folk Spiseri ville flytte til nye lokale i Sjøsida. Der ville dei få større plass. Ingrid Margrethe Ulstein og Thor Erik Andersen hadde vore eigarar og drivarar, men hadde no fått med seg ein ny medeigar i Oscar Overvåg Tafjord.
Ruth og Hallbjørn Ulstein var naturlege midtpunkt då Ulstein Hotell feira 100 år i oktober 2016. Hotellet vart starta i Ulsteinvik som Central Hotell av Julius og Sina Ulstein. Hotellet hadde då sju rom. I 1927 stod så Ulstein Hospits ferdig i sentrum med 11 rom. Det var i 1957 at Ruth og Hallbjørn Ulstein tok over drifta og bygde ny fløy på hotellet slik at det fekk 21 rom. I 1967 vart det gamle hospitset rive, og dei bygde ny og moderne hotellfløy med kafé, salong og resepsjon – og totalt 32 rom. No vart namnet Ulstein Hotell. I 1982 flytta dei hotellet til Varleite, for det var ikkje plass til å utvide i sentrum den gongen. Med det såg Nye Ulstein Hotell dagens lys med 67 rom, utvida til 92 rom i 1997. I 2007 var hotellet tilbake i sentrum, i Saunesosen, etter at Trekantsaka var eit faktum; 93 rom i starten vegg i vegg med kulturhus og kinosal, deretter utvida med ein femte etasje til 123 rom i 2012. I samband med 100-årsjubileet gav hotellet ut ei praktbok om historia, med Anna Goksøyr som forfattar og Per Eide som fotograf.
I slutten av november 2016 gjorde lokalavisa kjent at Linda Eikrem (45) skulle ta over jobben som redaktør i Vikebladet Vestposten etter Anne Gry Eilertsen. Ho ville starte i avisa våren 2017. Eikrem ville også ha jobben som dagleg leiar. Ho var opphavleg frå Eikrem i Volda, men flytta til Ulsteinvik rundt 2001. Frå 1994 til 2012 jobba Eikrem som journalist og vaktsjef i NRK Møre og Romsdal. Så jobba ho ved Høgskulen i Volda. Den 30. desember 2017 hadde Anne Gry Eilertsen den siste dagen sin som redaktør. Då hadde ho bak seg eit avisliv på 44 år.
Selskapet Rome AS signaliserte i slutten av januar 2017 at dei ville rive den nedlagde bensinstasjonen og bilverkstaden i Ulsteinvik sentrum og byggje tre bustadblokker i staden, med til saman 40-50 husvære. Det var også teikna inn parkeringsplassar, leikeplass og grøntområde. Husværa skulle vere i forskjellige storleikar og i underetasjen offentleg parkering, totalt 95 plassar.
Rome AS gjennomførte planane, og i februar 2018 var Rise Bygg AS klare til å starte arbeidet med Bjørndalsvegen Park. Blokkene ville bli rundt 20 meter høge. Rise Bygg og Rome hadde samarbeidd om fleire bygg tidlegare, til dømes i Saunesmarka. Det hadde teke tid å gjere den såkalla Hydrotomta klar; mellom anna måtte grunnen under bensinstasjonen reinsast. No var målet å ha prosjektet ferdig hausten 2019.
Hos Ulstein Betong Marine var det klondykestemning. Pågangen etter flytande betongkonstruksjonar var utover hausten i 2017 så stor at selskapet måtte byggje ut produksjonskapasiteten. I alt hadde selskapet bygd 120 betongflåtar så langt, det meste til oppdrettsnæringa. Dei første betongflåtane vart bygde i Haddal i 1988. Konsernsjef Vidar Moldskred i morselskapet Ulstein Betongindustri AS peikte i intervju med lokalavisa på at det hadde vore stor utvikling på desse produkta frå 1988 til 2017. Flåtane var no å finne langs kysten både i Noreg og Skottland.
Det amerikanske omgrepet Black Friday hadde etter kvart kome for å bli også i Noreg. I Ulsteinvik utnytta forretningane meir og meir denne dagen. I slutten av november 2017 fortalde både Blåhuset og Amfi at dei hadde hatt nye omsetningsrekordar i samband med Black Friday dette året. Amfi hadde heile 7900 personar innom dørene denne siste fredagen i november og kunne notere ei omsetning på 3,2 millionar kroner.
I slutten av juni 2017 var det slutt på 36 års butikkhistorie i Ulsteinvik – då Elle Boutique heldt opphøyrssal. Bente Hansen hadde teke over butikken etter Liv Haram Abbou i juli 2015. Haram Abbou hadde drive den eksklusive klebutikken i 34 år.
Det var vanskelege tider også for avisbransjen. Åtte tilsette miste jobben då Regionavisa gjekk konkurs i desember 2017: – Den digitale overgangen vart meir krevjande enn vi hadde trudd, sa eigar og leiar Hugo Antonsen til Vikebladet Vestposten. Selskapet hadde eit underskot på ein million kroner: – Vi har vurdert å gå inn med frisk kapital, men eg har for tida ein uavklart helsesituasjon, og fann difor ut at det var for risikabelt, fortalde Antonsen. Regionavisa vart starta av Line Urke og Bjarne Wærdahl hausten 2000, og hadde vore igjennom nokre økonomiske brottsjøar, men klorte seg fast i ein krevjande marknad i 17 år og hadde skaffa seg ein skare med både lesarar og annonsørar i nedslagsfeltet sitt i delar av Nordfjord og på Søre Sunnmøre.
Ei anna tradisjonsrik bedrift som valde å slutte i desember 2017, var Hårstova. Kari Grønmyr Vikanes og Wenche Mork starta frisørsarongen i Ulsteinvik den 20. juni 1994. Men no ville dei gi seg: – Det har vore ei flott tid, fortalde Wenche. Ho hadde vore i yrket i 31 år, Kari i 42.
I januar 2018 fortalde dagleg leiar for HG Handel, Ingar Teigene, i intervju med lokalavisa at Lefdal-butikken i Saunesmarka skulle bli til Elkjøp. HG Handel var eit dotterselskap av Hareid Group som også eigde Elkjøp-butikken på Blåhuset, og dei øvrige Elkjøp- og Lefdalbutikkane på Sunnmøre. I likskap med kjedene i resten av landet vart dei tre Lefdal-butikkane i høvesvis Ulsteinvik, Volda og Ålesund til Elkjøp. No forsikra Teigene at begge butikkane i Ulsteinvik skulle bli verande. Han la til at HD Handel hadde hatt eit rekordbra år i 2017 med ei omsetning på 350 millionar kroner og eit resultat på 17 millionar før skatt. Frå skrivepunktet i 2021 veit vi at eigarane no vil satse berre på butikken i Saunesmarka, og at Elkjøp på Blåhuset er lagt ned.
Det verdsomfattande HRG-konsernet kjøpte vinteren 2018 opp reisebyrået G Travel Ulsteinvik: – Dette ser vi på som ei tillitserklæring, kommenterte Bjørn Klubbenes til lokalavisa. Han hadde leia reisebyrået, som hadde hatt ulike namn opp igjennom tida, i 35 år. No skulle byrået heite HRG Ulsteinvik. Klubbenes skulle halde fram som leiar for reisebyrået som heldt til på Stålhaugen på Saunes. Klubbenes har no blitt pensjonist.
Nokre månader seinare, i juni 2018, starta eit nytt reisebyrå i Ulsteinvik. Sissel H. Hauge frå Flø skulle leie det nye G Travel-kontoret. Ho kom rett frå jobb i HRG Nordic på Stålhaugen, som fram til februar høyrde til G Travel-kjeda: – Eg trur det er sunt med konkurranse, sa Hauge til lokalavisa. Ho hadde fått tilbodet frå G Travel og takka ja. Fleire av dei andre tilsette hadde også jobba hos HRG Nordic. Det nye selskapet skulle ha åtte tilsette og leige kontor i Saunesvegen i same bygget som Bunnpris og politiet.