Laurdag 2. desember 2017 var det stor opning av Ulstein Arena. Det møtte opp mykje folk. Kultursjef Leif Ringstad, som hadde arbeidd mykje med det store prosjektet, fortalde dei frammøtte at han hadde håpt på 500-600, men så kom det dobbelt så mange!
Fleire hadde også med seg badebukse for å få prøve det nye badeanlegget. Ringstad mintest at han hadde fått oppdraget av rådmann Hans Jakob Sandanger for 11 år sidan.
Bassenget ved barneskulen hadde blitt drive på dispensasjon i mange år, og kommunen trong betre hallkapasitet. Det var meininga at private og kommunen skulle betale halvparten kvar. Men det var vanskeleg å få finansieringa på plass.
Ringstad takka Ulsmo for at dei ville betale 3 millionar kroner i årleg støtte i ti år, og han la til at denne opningsdagen var ein av dei største dagane i Ulstein-historia, ei enorm satsing på born og unge. Han takka også politikarane som hadde vore visjonære og hadde hatt tru på prosjektet.
I oktober 2018 vart Ulstein Arena tildelt Statens pris for byggkvalitet.