Ut på vinteren 2000 dukka diskusjonen om bystatus for Ulsteinvik opp. Varaordførar Hannelore Måseide (Ap) var ei av dei som ivra for å gjere Ulsteinvik til by. Ho ville ha fram ei sak for kommunestyret i mars. Ein av pådrivarane i Ulsteinvik, Bjarne Wærdahl, var også intervjua i saka. Han meinte alle verkemidlar måtte nyttast for å sikre Ulsteinvik som regionsenter, særleg no når Eiksundsambandet var under oppsigling nokre år fram i tid. I starten av mars vedtok eit fleiretal på 18 mot sju røyster i kommunestyret at Ulstein skulle få bystatus frå 1. juli 2000. Sidan 1996 hadde det blitt fritt fram for alle kommunar med meir enn 5000 innbyggjarar å kalle seg by, og landet hadde sidan fått 35 nye byar. Ingen ting tydde på at det ville slutte der. I starten av juli markerte Ulstein bystatusen med show på rådhusplenen og med mykje folk samla. Hildegunn Moltubakk (Fredrik Knudsen) heldt show, Con Moto song, og Ulstein Storband spelte. Nærare 1000 menneske var samla for å sjå. Ordførar Jan Berset var glad for oppslutninga, men poengterte at byvedaket ikkje ville føre til kortsiktige endringar i kommunen, men var ein visjon som låg der.
I juni 2001 gjorde kommunestyret eit avgjerande vedtak i bysaka. Byen skulle heite Ulsteinvik, ikkje Ulstein, og heretter skulle det vere slutt på nemninga bystyre; det skulle heite Ulstein kommunestyre. Kommunen kutta også nemninga bysekretær og tok tilbake den tradisjonelle formannskapssekretær.
Folketalsrapporten til Statistisk Sentralbyrå for 1999 viste for første gong på mange år ein nedgang i folketalet i Ulstein, det hadde minka med 13 sidan året før. Hovudårsaka var nok fråflytting i samband med innskrenkingane i industrien. Kommunen hadde 6524 i januar 2000 mot 6537 ved årsskiftet året før. Men mot slutten av året auka talet igjen og enda på 6613, ein bra auke, takka vere stort fødselsoverskot og innvandring.
I november 1990 talde Ulstein 5737 innbyggjarar. Same månad i 2001 hadde talet stige til 6650. Kommunen hadde framleis eit kvinneunderskot, 3266 kvinner mot 3383 menn. Samtidig registrerer vi framleis at ulsteiningane har eit forholdsvis høgt utdanningsnivå. Heile 2833 av innbyggarane har vidaregåande skule, og 887 har utdanning på høgskulenivå. I folketeljinga frå SSB er jordbruk og fiske slege saman til ein post, og kommunen har i alt 106 som jobbar i desse to næringane. Den store yrkesgruppa er sjølvsagt industrien med 1019 tilsette, av desse er 247 kvinner. 582 er sysselsette i varehandel, restaurant- og hotellverksemd, 334 av desse er kvinner, 406 høyrer inn under helse- og sosialtenester, 365 av desse er kvinner, og 346 held til i undervisningssektoren; også der er kvinnene i fleirtal: 242. Vi ser altså at tenesteytande næringar aukar, men industrien står framleis sterkt i Ulstein.