Ved stortingsvalet hausten 2005 vart det regjeringsskifte, og den raud-grøne regjeringa med Ap, SV og Sp tok over under statsminister Jens Stoltenberg. Ytre Søre Sunnmøre vart det reine Frp-land. I Ulstein fekk partiet 25,4 prosent av røystene, Ap fekk 20,3, Høgre 19,3, KrF 16,9, Venstre 6,9, Sp 5,3, og SV 4,5.

Samtidig gjorde den gjennomsnittlege oljeprisen i Nordsjøen eit hopp frå vel 38 dollar fatet i 2004 til over 54 dollar fatet i 2005. Vidare hamna gjennomsnittsprisen per fat på 65,14 dollar i 2006, 72,39 i 2007 og heile 97,26 i 2008, trass i finanskrisa som råka verda i løpet av dette året. Norsk økonomi kom inn i ein høgkonjunktur i slutten av 2004, og den heldt fram. For område på Sunnmørskysten var høge oljeinvesteringar ei viktig drivkraft, og husstandane brukte pengar som aldri før.

Etter ein periode med stagnasjon og delvis tilbakegang på Ytre Søre Sunnmøre auka folketalet igjen utover i 2005. Ulstein voks med 36 i andre kvartal og kom opp 6822. Samtidig auka talet på menneske som trong bustadhjelp i Ulstein. Hausten 2005 fekk kommunen tilskot frå Sosial- og helsedirektoratet for å tilsetje miljøterapeutar til å hjelpe klientane. Sosialsjef Arthur Grønmyr fortalde til lokalavisa at mange i Ulstein trong hjelp både til å skaffe seg bustad og til å halde på bustaden. Sosialetaten hadde ei tid arbeidd med ein plan for bustadlause som ofte kom flyttande til kommunen frå nabokommunane. Dei fleste av desse høyrde heime i klientkategorien psykiatri og rus.

Det hadde ei tid stått strid om namnet på Dimnøya/Dimna etter at Kartverket og namnekonsulentane meinte øya heitte Dimna. Men i januar 2005 gjekk Kartverket inn for at dei to namneformene skulle sideordnast. Det betydde at den enkelte kunne bruke den forma han eller ho ville. Men sidan Ulstein kommune hadde gått så sterkt inn for Dimnøya, var det grunn til å tru at dette kom til å bli det gjengse namnet på øya, medan Dimna vart oppfatta som namnet på grenda på utsida av øya. Med det oppheva Kartverket vedtaket om Dimna og sidestilte dei to namna.

I januar 2005 kunne lokalavisa slå fast at Ulstein hadde fått den bemanninga som den offentlege tannhelsetenesta skulle ha. Midt i månaden opna distriktstannklinikken offisielt i det nye bygget i Kyrkjegata, og to nye tannlegar var på plass.

Rundt 2005 var Flø i ferd med å vekse fram til det vi kanskje kan kalle ein kultstad. Våren 2005 var seks familiar og einslege i ferd med å reise husa sine ute i havgapet. Alle nybyggjarane kunne fortelje til lokalavisa at dei var spesielt glade i lyset og havet. Eit fellestrekk med husa var store vindaugsflater og god utsikt mot bølgjene: – Eg ser ikkje dette som ein trend eller ein moteting. Tvert om. Eg meiner det heller er ein trend når folk heile tida vel å byggje i felt eller tettstader. Eg har prøvd storbylivet. Det kan ha sine gode sider, uttalte ein av husbyggjarane, Fredrik Steen, til lokalavisa. Han satsa på Flø – for ei tid.

Våren 2005 kom det for ein dag at Ulstein-politikarane hadde opna for endå ein privat barnehage. Dei tilsette i dei kommunale barnehagane gav uttrykk for at dei frykta for jobbane sine. Den private Grønmyr Barnehage AS skulle bygge ved Høddvoll, rett utanfor den nye kunstgrasbana. Målet var å setje barnehagen i drift frå 1. januar 2006. I dag har barnehagen namnet Gnist, lever i beste velgåande og har vore med på å gi foreldre i Ulstein eit fullverdig barnehagetilbod. Kommunen gjekk inn for å legge ned Ringen barnehage så snart Grønmyr var på plass ved Høddvoll.

Samtidig bad ei gruppe foreldre i Haddal om å få frigitt ei tomt bak barneskulen i bygda med tanke på å få reist ein ny barnehage. Foreldra meinte at barnehagen som leigde lokale i klubbhuset til Haddal IL, ikkje stetta dei behova og krava som ville dukke opp i åra framover. I dag står barnehagen der og har fullt belegg.