Vi skal gå litt tilbake og ta grundig ei av dei store sakene i Ulstein-historia. Ho utfalda seg i slutten av 1990-talet og inn i 2000-talet. Vi skal trekke fram hendingane og kva følgjer dei fekk.
Mykje av den lokale industrien er syklisk. Utover i 1997 var det ei medgangsbølgje. Ulstein Verft leitte etter fagfolk over heile landet og var klar til å tilsette over 100 mann. I Hareid voks talet på industriarbeidsplassar med meir enn 100 på eitt år frå hausten 1996 til hausten 1997.
I 1997 vart Idar Ulstein styreleiar og overlét jobben som konsernsjef i Ulsteinkonsernet til Bård Mikkelsen. Samtidig starta arbeidet med å børsnotere selskapet. Generasjonsskifte i slike familieselskap er ikkje enkelt. Eigarfamilien hadde vakse, og tilknytinga til bedrifta var blitt svakare. Nokre ønskte å ta ut sin eigardel i pengar for å satse i andre bransjar. Løysinga vart å gjere aksjane omsettelege ved å børsnotere konsernet. Det skjedde i 1997.
Måndag 23. november 1998 vart Ulstein Holding ASA med eitt suspendert frå Oslo Børs. Aviser og andre spekulerte i om eit internasjonalt selskap kunne ha lagt inn bod på ein større aksjepost. Suspensjonen innebar at det verken kunne seljast eller kjøpast aksjar. Vikebladet Vestposten ymta om at representantar for Ulstein-familien hadde vore samla i Oslo, truleg i forhandlingar om sal. Dei siste dagane før suspensjonen hadde ulsteinaksjane gått opp med 8,9 prosent. Det kunne tyde på at nokon visste at eit kvart var i emning. Informasjonssjef i Ulstein, Arnfinn Ingjerd, svarte berre ingen kommentar på spørsmål frå avisa. Men innan børsstart neste måndag ville Ulstein kome med ei ny melding, heitte det i ei børsmelding. Ifølgje børsanalytikarar kunne tida no vere den rette for oppkjøp fordi aksjekursen var låg. Tidene i skipsindustrien var ikkje så gode i 1998.
Den 26. november 1998 sprekk nyheita i avisene: Det britiske selskapet Vickers vil kjøpe Ulstein. Selskapet forhandlar om å overta aksjane i Ulstein Holding ASA. I pressemeldinga frå Ulsteinkonsernet heiter det at det er ein føresetnad at skipsbyggingsdivisjonen blir skild ut og ført vidare på sjølvstendig grunnlag i eit samarbeid med konsernet. På dette tidspunktet var Ulsteinkonsernet sett saman av 38 selskap i 17 land, som utvikla skipsdesign, bygde skip, produserte skipsutstyr og tilhøyrande produkt. Omsetninga i 1998 ville ende på om lag fem milliardar kroner. Konsernet hadde kring 4.150 tilsette. Vickers hadde nettopp selt Rolls-Royce-fabrikken til Volkswagen for kring fem milliardar kroner. No hadde dei pengar til å handle. I eit informasjonsskriv til dei tilsette understreka konsernsjef Mikkelsen at dei ikkje hadde grunn til uro.
I lokalavisa laurdag 28. november 1998 fortalde klubbleiar Hans Sundal at mange medlemmer var skeptiske til at verftet ikkje vart med i salet: – Vi håper Ulstein-familien er villige til å satse. Ei utviding ved Hatlø er eit spørsmål om vere eller ikkje vere for verftet, insisterte Sundal.
Dei tilsette visste no at Vickers ikkje ville kjøpe verftet. Meir enn nokon gong var det klart korleis lagnaden til arbeidsfolket var i hendene på andre. Dei kunne berre håpe: – Eg kan ikkje tenkje meg noko anna enn at Idar Ulstein har den grunntanken at verftet skal halde fram, la Sundal til.
Så seint som i mai 1998 hadde styret i Ulstein Holding ASA vedteke å flytte mesteparten av skipsbygginga under tak på avdeling Hatlø. Med i desse planane var bygging av høghall og ei utviding av dokkområdet. Planane var kostnadsrekna til 250 millionar kroner. Ville Ulstein klare dette om verftet vart ståande åleine etter at resten av konsernet hadde hamna på britiske hender?