Trekantprosjektet har vore ei av dei aller viktigaste sakene i Ulstein kommune dei siste 50 åra. Vi kan slå fast at denne saka har kome til å stå som eit symbol på korleis privat-offentleg samarbeid kan gi ein kommune nye hopp i utviklinga. Om vi går inn i tidsmaskinen og stiller klokka 15-20 år attende, vil vi knapt kjenne bygda igjen i høve til det vi ser i dag. Men prosjektet møtte også motstand. Truleg var motstanden og diskusjonane med på å gjere sluttresultatet betre for innbyggjarane.
Det er vanskeleg å avgjere kva investeringane til slutt har kosta Ulstein kommune. Med oppgradering av veg og ombygging på Reiten nærmar vi oss fort 100 millionar kroner. Men til gjengjeld har innbyggjarane fått mykje igjen. Trekanten har resultert i ein flott folkehøgskule i Varleite, nytt hotell og kulturhus ved Saunesosen og eit fint bygg for kommunale aktivitetar der gamle Sunnmøre Folkehøgskule låg på Reiten i Ulsteinvik. Det nye levekårshuset rommar Ulstein helsestasjon, Ulstein kompetansesenter, kulturskule og base for Ulstein Eigedomsselskap KS. Eigedomsselskapet kom til å spele ei avgjerande rolle i realiseringa av Trekantsaka. Denne selskapskonstruksjonen gjorde finansieringa etande for eit politisk fleirtal då kommunestyret gjorde sitt første avgjerande vedtak 23. oktober 2003.
Anlegget på Reiten har kosta kommunen ein stad rundt 76-80 millionar kroner. Då har vi teke med kjøpet av eigedommen på vel 25 millionar kroner. Sjølve ombygginga av eigedommen enda på 54 millionar. Kommunen sitt innskot i selskapet Ulstein kultur- og konferansesenter AS, som stod for finansieringa av kulturhuset Sjøborg, var i utgangspunktet 12 millionar kroner. På toppen av dette kjem kommunens kostnader i samband med nødvendige vegprosjekt i området. Her er den nye, flotte Sjøgata sjølve krona på verket.