Men vegen fram var ikkje rettlinja og brulagd med gull og glitter. Våren 2005 gjorde tre politikarar eit alvorleg forsøk på å få saka opp til ny vurdering. Den 26. mai får Vivian Roppen (SV), Gry Dimmen (Sp) og Lill-Marit Baade (Frp) heile framsida til Vikebladet Vestposten – med overskrifta: «Set bremsene på i kulturhussaka». Avisa fortel at dei tre vil prøve å stoppe planane om eit felles hotell- og kulturhus inntil vidare. Med ein underskriftsaksjon ville dei prøve å få saka opp i kommunestyret gjennom det nye instituttet for innbyggjarinitiativ, innført i kommunelova frå 2003.

I løpet av kort tid klarte dei å samle rundt 400 underskrifter, og dermed meinte dei at saka måtte opp på nytt i kommunestyret før ferien i 2005. Ein av dei første dagane i juni troppa dei opp på kontoret til ordførar Hannelore Måseide (A) med underskriftslistene og følgjande tre krav:

• Vi krev at tre-i-eitt-saka blir teken opp til ny vurdering i Ulstein kommunestyre.
• Vi krev at relevante kostnader, inndekking – og bruks- og driftsavtale for kulturhusdelen blir gjort offentleg.
• Vi krev at konsekvensane for andre kommunale tenester blir gjort synlege.
• Vi krev at det ikkje blir gjort ytterlegare vedtak i saka, før ho har vore oppe i kommunestyret på nytt.

I mai dette året hadde det vore ein disputt mellom Lill-Marit Baade og Hannelore Måseide. Ordføraren hevda at Baade hadde røpa innhaldet i utkastet til driftsavtale mellom kommunen og Ulstein Hotell. Baade refste ordføraren for å bruke hersketeknikk på henne, og meinte at ho ikkje hadde nemnt noko anna for pressa enn det som var opplyst i eit notat som vart delt ut på eit ope møte 19. mai 2005.

Denne avisduellen mellom Måseide og Baade fortel ein del om klimaet i Trekantsaka fram mot den endelege avgjerda i 2005. Argumentasjonen frå dei som var imot, fekk eit skarpare preg etter kvart som tida gjekk. Tilhengarane vart også meir offensive. Forfattaren av denne boka var ansvarleg redaktør i Vikebladet Vestposten – og meinte då som no at avisa spegla saka godt og breitt. Spalta for lesarinnlegg stod open for alle, og motstandarane slapp like godt fram i redaksjonelle oppslag som tilhengarane. Men samtidig tok redaktøren standpunkt på leiarplass: Meininga til avisa var heilt klart at Trekantsaka var viktig for kommunen – og ville setje ny og nødvendig fart i utviklinga.

I dagane fram mot kommunestyremøtet 16. juni 2005, kom fleire aktørar på bana. Rektor Trond Berg ved Sunnmøre Folkehøgskule er først ute. Han slår fast at skulen hans vil få problem dersom hotell- og kulturhusplanane blir vesentleg utsette. Han har satsa på at skulen vil vere på plass i hotellokala i Varleite hausten 2006. Samtidig rykkjer leiar Steinar Sivertsen Kulen i konseptgruppa for hotell- og kulturhuset ut med følgjande varsel: – Ytterlegare forseinkingar set hotell- og kulturhusprosjektet i fare: – Får vi ikkje klarsignal før sommarferien, så kan eg vanskeleg sjå for meg at vi kjem i gang i år. Då byrjar det å bli vanskeleg å realisere prosjektet, slo Kulen fast.

Ikkje mange dagar seinare kjem eit nytt utspel; denne gongen frå litt uventa hald: – Den nye bydelen Sjøsida i Ulsteinvik er tufta på hotell- og kulturhusplanane. No åtvarar utbyggjarane mot ei utsetjing. På dette tidspunktet hadde det vore klart ei tid at samanslutninga Ulstein Utvikling hadde fått hand om området langs Sjøgata frå kommunekaia på Geileneset inn til hotell- og kulturhustomta i Saunesosen. No stod firkløveret Einar Kristensen, Morten Ulstein, Stig Ulstein og Henning Ulstein fram i lokalavisa med detaljar omkring planane sine. Visjonen var at 27.000 kvadratmeter nye bygningar skulle vere med på å gjere Ulsteinvik til ein fascinerande vestlandstettstad. I dag ser vi korleis sjøsideprosjektet lyfter seg. Den nye Sjøgata stod ferdig i 2015, og tettstaden har teke nye sjumilssteg.