Utover i 2001 tek Ulstein-samfunnet nye sprang. I slutten av mai 2001 gir politikarane skjenkeløyve til den nye restauranten Matlyst i 1. etasje i Convex-bygget. I tillegg til mat og drikke skal utestaden vere kunstgalleri med ambulerande utstillingar og delikatesseforretning. Sidan opninga sommaren 2001 presenterte Matlyst ei ny utstilling kvar månad. I desember kunne eigar og kunstmesen Bjarne Wærdahl by publikum kunstverk av Odd Nerdrum.

I starten på juli 2001 gav politikarane Borgstein AS klarsignal til å føre opp eit knapt 2000 kvadratmeter stort tilbygg til den tidlegare Odim-eigedommen på Saunes. Dette var startsignalet til ei storstilt utbygging og utvikling i området – som etter kvart utvikla seg til ei rugekasse for ein flokk private bedrifter. Borgstein hadde då for lengst sikra seg Odim-anlegget.

Hausten 2001 er Ulstein Verft i ferd med å fullføre storsatsinga si til 250 millionar kroner på Osnes. Den 42 meter høge dokkhallen låg fint i terrenget ved hjelp av effektiv fargebruk og vindaugsflater. I slutten av november var den første seksjonen på plass i hallen. Samtidig opplever Rolls-Royce gode tider i regionen. I september 2001 har bedrifta 63 UT-design i ordreboka til ein samla verdi av 2,5 milliardar kroner.

Same månaden fortel Vikebladet Vestposten at det nye Ulstein Kjøpesenter, som skal opne i november, vil få vinmonopol. Men då det nærmar seg den planlagde opningsdatoen, har det kome uventa strekar i rekninga: Rivingsarbeidet inne i det gamle Coop-bygget hadde fått asbest til å spreie seg i lokala. Arbeidstilsynet hadde gitt ordre om å evakuere bygget, og det vidare arbeidet var overlate til spesialistar på fjerning av asbest.

Kjøpesenteret hadde no fått nytt namn, Blåhuset, og administrerande direktør i eigedomsselskapet Ulsmo AS, Ingerid Ulstein, hadde tru på at det likevel kom til å bli julehandel i Blåhuset i 2001. Slik vart det. Blåhuset inviterer til storstilt opning onsdag 5. desember. Til opninga gir det nye senteret ut eit fyldig magasin på 32 sider, Blåhus-magasinet, produsert av Vikebladet Vestposten. Lokalavisa såg inntektspotensialet i den nye butikksatsinga og tok mål av seg til å vere det mediet som sytte for at folk frå nabokommunane kom til Ulsteinvik for å handle.

På plass i Blåhuset var også Kredittkassen, det vil seie bedrifta skifte no namn til Nordea ettersom banken hadde fått nye, svensk-finske eigarar. Samtidig fortel lokalavisa at planane om endå eit kjøpesenter har kome eit steg vidare i Borgstein-anlegget på Brattøra. I dag har AMFI Ulsteinvik om lag 20 butikkar, bowling og kafé fordelt på 12.500 kvadratmeter.