Den 14. november 2002 ryddar Vikebladet Vestposten framsida. Over eit stort bilde av Trond Berg lyser overskrifta: «Vil kjøpe Ulstein Hotell – og omskape det til folkehøgskule». Til avisa fortel Berg at han tidlegare på hausten hadde teke kontakt med hotelleigarane om idéen, og at dei no så smått hadde byrja å forhandle om saka. Han skulle same kvelden i møte med politikarar i Ulstein. Men han understreka at dei jobba parallelt med planane sine for Reiten. Nybygget der var kostnadsrekna til 28-30 millionar kroner. I den same avisa stadfeste ordførar Jan Berset (H) at han kjende til at det hadde vore drøftingar mellom leiinga ved folkehøgskulen og eigarane av hotellet.

To dagar seinare er rektoren og ordføraren avbilda i smilande samtale ved grinda til Sunnmøre Folkehøgskule på framsida av Vikebladet Vestposten: «Vi bør strekkje oss langt», er tittelen. Her kan lesarane konstatere at Berset vil arbeide for at Trond Berg og elevane hans skal kunne ta i bruk hotellbygget i Varleite som skule. Han meiner eit hotell i kombinasjon med kulturhus i sentrum vil styrke posisjonen til Ulsteinvik som regionsenter: – Vi kan få Noregs flottaste folkehøgskule og eit nytt hotell med kulturhus i sentrum. Idéen er glimrande, smilte Berset og la til med profetisk presisjon: – Det er store ting som er i ferd med å skje i ein liten kommune med dårleg økonomi. Eg er veldig entusiastisk. Vi kan no få ein unik sjanse til å utvikle sentrum. Får vi investorane på banen, kan dette bli sentrumsutvikling på høgt nivå.

Dette var altså midt i november 2002. Den iherdige Trond Berg såg for seg at intensjonsavtalen mellom folkehøgskulen og hotellet måtte vere klar til påske året etter. Det var berre tida og vegen. I dei uformelle samtalane som følgde, vart det tidleg klart at kommunen hadde ei tomt som kunne nyttast, nemleg området i Saunesosen. Der ville det vere mogleg å byggje hotell med kulturhus. Fleire andre plasseringar var lufta, men mykje peikte mot kulturhustomta på Sanden.

Den 11. mars 2003 får publikum melding om at ein ny etappe i saka er lagt tilbake. Styret for SUFH og styret i eigedomsselskapet KS Ulstein Hotel Varleite er samde om ein intensjonsavtale som i grove trekk går ut på at folkehøgskulen skal kjøpe hotellbygningen i Varleite, og at hotellet skal bygge nytt i Ulsteinvik sentrum. Lokalavisa opplyste at planane same kveld skulle presenterast for Ulstein formannskap i eit ekstramøte. Politikarane kunne dermed kome til å bli jokeren i opplegget. Steinar Sivertsen Kulen fortel til avisa at hotelleigarane i tillegg til å byggje nytt hotell også er villige til å investere i kulturhuset. Men han gjer det klart at opplegget ikkje lèt seg gjennomføre utan at kommunen er med.

Under formannskapsmøtet denne kvelden fekk politikarane presentert planen. Dersom dei tre partane vart samde innan utgangen av mai 2003, kunne det nye hotellet stå ferdig våren 2005, resonnerte lokalavisa, som la til: – Det springande punktet er om politikarane vågar satsinga.

Semje innan mai skulle vise seg å vere for optimistisk. Den kommunale kverna mel sjeldan så raskt. Men no kunne diskusjonen, den offentlege debatten, starte for alvor. Knapt sju månader seinare står verkeleg saka og bikkar. Då var det mange i lokalsamfunnet som trudde det var kroken på døra.