I slutten av mai 2000 starta Verkstadforeininga kronerulling til Eiksundsambandet. Målet var å få inn kring 10 millionar kroner. Det skulle ta litt tid. I utgangspuntet var det oppgåva til staten å finansiere sambandet, men regjeringa hadde signalisert at det også måtte lokal kapital til. I oktober melde eit sammøte mellom fylkesutvalet og samferdselsutvalet at politikarane hadde samla seg om å prioritere Eiksundsambandet på topp med tanke på transportplanen. No var all tvil feia til sides. Sambandet ville kome.

Måndag 24. februar 2003 vart ein stor dag for Eiksund-general Knut Nærø. Etter å ha ivra for Eiksundsambandet i 25 år, kunne han endeleg setje i gang boren og markere anleggsstarten på sambandet: – Dette er ein historisk dag for denne landsdelen, insisterte Nærø i samtale med lokalavisa. Nærare 250 personar hadde møtt fram i Eiksund for å ta del i markeringa.

I april 2003 vart det kjent at Maritimt Forum var i dialog med fleire flyselskap for å få konkurranse om flyrutene til Vigra. Eitt av selskapa var Norwegian. Foreininga håpte på direktefly til utlandet frå 2004.

I juni 2002 kunne Posten flytte inn i ein ny sorteringssentral i Saunesmarka. Eigaren av huset var A. Kleven Eiendom AS. Bygget var på om lag 300 kvadratmeter og stod på same tomta som telebygget. Også dette bygget var det Kleven Eiendom som eigde, men leigde ut til Bergens Rørhandel. Posten i Ulstein skulle bli posthandel og trong meir plass. No vart posten frå Ulstein og Hareid fordelt i Ulsteinvik. All postomberinga skulle skje frå Saunesmarka.