Den 21. september 1999 får vi forklaringa på kvifor Vickers-planane i Ulsteinvik med eitt ikkje lenger er så presserande: Til å illustrere hovudoppslaget sitt har Vikebladet Vestposten plassert ein Rolls-Royce i Sjøgata med båtar og bedrifter i bakgrunnen. Over biletet slår overskrifta mot lesarane: «Rolls-Royce rullar inn». Nyhendet var at konsernet, som først og fremst var kjent for bilar og fly, no hadde tilbode seg å kjøpe Vickers for sju milliardar kroner. Under eit år etter Ulstein-salet kunne Vickers Ulstein bli til Rolls-Royce, som frå før var sterke på marine framdriftssystem; no ville dei bli verdsleiande.
Igjen er tilsette i Ulsteinvik skeptiske til eit eigarskifte, men saka går sin gang. Før avgjerda har Jan Berset (H) for lengst blitt ordførar for nye fire år i Ulstein. I oktober 1999 hadde over 80 prosent av aksjonærane i Vickers gått inn for at selskapet skulle seljast til Rolls-Royce. Det betydde at salsprosessen gjekk sin gang: – Vi ventar ingen spesielle endringar for Vickers Ulstein Marine om Rolls-Royce tek over som eigarar, uttalte konsernsjef Morten Ulstein til lokalavisa. I februar 2000 kom meldinga om at hovudkontoret for skipsutstyr til Rolls-Royce skulle ligge i Ulsteinvik.
Laurdag 20. november 1999 kunne Vikebladet Vestposten fortelje at den kortvarige Vickers-historia var over for Ulstein. Rolls-Royce var ny eigar. Prisen for heile konsernet enda på 7,3 milliardar kroner. Morten Ulstein ønskjer dei nye eigarane velkomne: – Oppkjøpet gir oss høve til å utvikle oss vidare. Vi er no ein del av eit stort globalt konsern som er leiande innan sine område, og som vil satse på maritime løysingar.
Men laurdag 23. oktober 1999 glir det siste skroget ut frå beddingen ved Ulstein Verft, ein supplybåt til Farstad. No står Osnes for tur. I eit nyttårsintervju ved starten av 2000-talet hadde Idar Ulstein ingen nye kontraktar å slå i bordet med, men lova å gjere alt han kunne for å utvikle verftet i Ulsteinvik og sikre arbeidsplassane. Ved Arbeidskontoret førebur dei seg på massepermitteringar. Etter det lokalavisa har grunn til å tru, kan 500-600 arbeidstakarar i regionen bli permitterte. Samtidig melder Ulstein Verft at det ligg an til ei storstilt permittering frå februar/mars om det ikkje kjem nye kontraktar. Sjukefråværet eksploderer. Det har aldri før vore så mange sjukmelde i Ulstein som i fjerde kvartal 1999. Kommunen var den i Møre og Romsdal som hadde flest sjukmelde med psykisk diagnose. Trygdesjef Alf-Kåre Rønnestad var ikkje tvil om årsaka: permitteringane som folk no gjekk og venta på. Han karakteriserte situasjonen som dramatisk og spesiell. Samtidig som bygda flaut over av privat rikdom, gjekk mange med angst for framtid, jobb, hus og heim. Kjensla av å vere mislykka kan vere sterkare når du ser mange vellykka menneske rundt deg.
Laurdag 22. januar 2000 rykkjer den tidlegare klubbkjempa Anders Hatløy ut i lokalavisa og ber Ulstein-familiane bruke noko av kapitalen til å skaffe nye oppdrag: – No bør dei som har mykje pengar etter Ulstein-salet, bruke dei til å sikre arbeidsplassar. For den gevinsten som aksjonærane fekk, er ein gevinst som arbeidarane har vore med på å byggje opp, poengterte Hatløy. Gunvor Ulstein svarte: – Eg kan forsikre om at vi har diskutert mange verkemiddel. Akkurat no er det kniven på strupen. Men faktum er at eg er meir optimist no enn eg var i november.
Eit skotsk analyseselskap hadde spådd at offshorereiarane ville måtte slite seg gjennom to dårlege år. Men Gunvor Ulstein hadde tru på at marknaden ville bli betre alt til hausten. Styreleiar Idar Ulstein kommenterte situasjonen slik: – Familien vår har brukt over 100 millionar kroner på Ulstein Verft. Ingen skal tvile på at vi gjer det vi kan for å endre på ordretørken. Å gå inn med kapital til reiarlag som vil byggje båtar hos oss, er noko vi har vurdert lenge.