For verftsindustrien er det no tøffe tider. I januar 1999 må leiinga ved Ulstein Verft varsle dei tilsette. Dersom verftet ikkje får nye kontraktar med det første, vil dei tilsette i produksjonen bli flytta rundt på, dette for å unngå permitteringar lengst mogleg.

Den 9. februar 1999 får alle dei 2300 aksjonærane i Ulstein Holding ASA tilbod om å kjøpe aksjar i UMV Holding AS. Samtidig går Vickers-oppkjøpet som planlagt. Dersom 90 prosent av aksjonærane i Ulstein Holding sel aksjane sine til Vickers, er det meste gjort. Eit par dagar seinare vart det kunngjort at den 29 år gamle dottera til Marit Krohn Ulstein og Idar Ulstein, Gunvor, skulle bli administrerande direktør i UMV. Verftskonsernet skulle delast i fire, Ulstein Verft, Ulstein Elektro, Ulstein Flextransport og Castor. Gunvor Ulstein skulle såleis få fire daglege leiarar under seg; ein av dei, Brynjulf Mugaas, skulle leie Ulstein Verft. Gunvor kom frå stillinga som salsdirektør i Ulstein Bergen. Bror til Gunvor, Tore, gjekk også inn i toppleiinga – som teknisk direktør ved UMV. Men Mugaas takka for seg som direktør ved verftet. Han sa opp stillinga si i februar, og kort tid etter vart det kjent at 53-åringen skulle ta over stillinga som sjef for skipsverftet Harland & Wolff i Belfast.

Torsdag 25. februar 1999 heldt Vickers generalforsamling i London. Nesten 98 prosent godkjende tilbodet om å kjøpe Ulstein. No hadde Ulstein-aksjonærane frist på seg til 1. mars; då måtte 90 prosent av dei ha akseptert å selje dersom det skulle bli sal. På bygda gjekk det no eit rykte om at Kværner Kleven og Ulstein Verft skulle slå seg saman. Klevendirektør Sigurd Viseth var ute i lokalavisa og avviste rykta. Samtidig ryktast det at nokon ville kjøpe Kleven frå Kværner. Det ryktet var det, som vi veit, meir hald i.

I starten av mars var 95 prosent av Ulstein-aksjane selde til Vickers. Samtidig hadde kring 900 aksjonærar i Ulstein Holding tinga vel 50 prosent av aksjane i Ulstein Mekaniske Verksted Holding. Ulsmo AS og Naustneset AS garanterte for kjøpet av resten.

Noko av det første Gunvor Ulstein og den nye leiinga i UMV tek tak i våren 1999, er framtida til Ulstein Verft. I april fortel ho at verftet i framtida berre vil byggje tre skip i året mot seks til no. Det betyr reduksjon i talet på tilsette; Gunvor håper det meste kan skje ved naturleg avgang.

Samtidig med at verftet var i ferd med å bli skilt frå resten av konsernet, hadde investeringane i oljesektoren falle kraftig. Ulstein Verft skulle levere det siste skipet det hadde avtale om, i februar 2000. Utover det hadde verftet no ingen nye kontraktar. I verftsindustrien i Ulstein-regionen var det på dette tidspunktet kring 300 heilt eller delvis permitterte.

Vi skulle ikkje tru det var mogleg, i alle fall ikkje på eit tidspunkt då det synest som om skipsbygging er i ferd med å bli historie i kongeriket, at lokale eldsjeler framleis har tru på nettopp denne næringa. Og det er ikkje berre ulsteinfolket. På andre sida av vika ligg Kværner Kleven, eit tradisjonsrikt verft som Kværner tok over i 1990. No var bedrifta i spel, og rykta gjekk på at ei lokal gruppe var ute etter å kjøpe verftet. Torsdag 15. april 1999 kjem det for ein dag at brørne Asbjørn og John M. Kleven er mellom dei som ønskjer å kjøpe verftet. Dei har mellom andre med seg Hareid Elektriske.