Aina Moldskred tok i starten av 2000 imot 60.000 kroner i støtte frå næringsfondet i Ulstein for å realisere planane sine for huset i Kyrkjegata 3, det som skulle bli heitande Krukkehuset. Målet var å skape eit kreativt miljø midt i Ulsteinvik sentrum med keramikkverkstad, måleatelier, galleri og kunstkafé. Huset vart ein institusjon i mange år. Ei av dei som opna verksemd i Krukkehuset, var Laila Lillebø Endresen. Før sat ho heime hos seg sjølv og sydde messehaklar, kyrkjetekstilar og kyrkjepynt. I mars 2001 var Laila Lillebø Endresen på plass med tekstil og interiør-verksemd i kjellaren hos Aina Moldskred i Krukkehuset. Herifrå skulle ho drive rådgiving og butikk med tekstil og interiør. Selskapet Laila Tekstil & Interiør vart skipa i 1987. Ho hadde drive selskapet frå heimen sin på Kalveneset i Indre Herøy. Men no trekte ho til Ulsteinvik med delar av verksemda si. I heimelokala skulle ho ha verkstad. Endresen var utdanna interiørkonsulent og ville tilby varer og tenester for innreiing. Huset vart eit samlingspunkt i mange år.

Den store kjeda Elkjøp ønskte i løpet av 2000 å etablere seg i Saunesmarka. Dei skulle ha tilhald i eit bygg på 1750 kvadratmeter som Møbelcentralen førte opp i tilknyting til møbelbutikken i området. Elkjøp disponerte om lag 1000 kvadratmeter, medan Møbelcentralen hadde resten. Elkjøp var Nordens største kjede innan forbrukarelektronikk og kvitevarer og var etablert i alle dei nordiske landa. Elkjøp Stormarked i Ulsteinvik skulle bli like stort som på Moa. Tysdag 8. august 2000 klokka sju om morgonen opna Elkjøp i Saunesmarka med brask og bram. Dagleg leiar var Geir Sundal. Der var kø utanfor med kjøpelystne på opningsmorgonen.

Samtidig fortalde lokalavisa at Noregs største møbelkjede ville kome til Saunesmarka. Møbelcentralen dobla arealet sitt og skulle, som vi har vore inne på, bli Bohus Møbelland Ulsteinvik. Det hende meir i Saunesmarka på dette området. Møbelringen var i full gang med å planlegge arbeidet med eit nytt stort bygg.

Rammesenteret i Ulsteinvik flytta til nye lokale i Kyrkjegata og forandra namnet til Fotoland Ulsteinvik. Butikken hadde investert halvannan million kroner for å få det mest avanserte fotolaboratoriet på marknaden: – Framkalling av bilde er ein stor del av butikken, fortalde Bjarne Wærdahl som no hadde blitt medeigar. Fotoland Ulsteinvik vart med i ei stor fotokjede med kring 3000 butikkar rundt om i Europa. Dagleg leiar var Frode Sundgot, og butikken snusa også på digitale kamera – som om nokre år skulle revolusjonere fotobransjen.

Ulstein Betongindustri AS heldt fram produksjonen av betongflåtar. I juli 2000 skulle to flåtar slepast over Nordsjøen til oppdrettsanlegg på vestkysten av Skottland. Dagleg leiar Vidar Moldskred fortalde at flåtane deira følgde sjøgangen godt under slep, og der var såleis ikkje noko hinder for å levere til land ved Nordsjøen. No hadde bedrifta planar om å utvide og modernisere tørrdokka i Haddal.

Det gjekk likevel ikkje berre oppover for Ulsteinvik, bystatus eller ikkje. Butikk- og barista-kaféen Invit i Ulsteinvik valde hausten 2000 å flytte til Ålesund og etablere seg i det ærverdige Stavseth-bygget ved Brosundet. Dermed var Ulsteinvik ein attraksjon mindre. I desember 2000 opna den nye Kaffi Bar i Fannemel-bygget i Ulsteinvik – i lokala til tidlegare Invit. Anna Gjerde og Kristina Eiksund Gjerde stod ved kaffimaskinene. Etter kvart satsa baren også på å servere suppe, og la ut ferske aviser til gjestene.

Om lag samstundes fekk Pernilles Clinique i Ulsteinvik ny eigar. Ingrid Dybhavn hadde vore tilsett i salongen i fire år då ho valde å ta over etter Anne-Britt Halleråker som hadde vore eigar dei siste sju åra. Dybhavn hadde mellom anna utdanning i fotpleie. No ville ho drive utvida fotpleie i tillegg til dei andre tilboda ved klinikken, hudpleie, aromaterapi, make-up med meir. Etter kvart skulle også massasje inkluderast i produktspekteret.