Kommunen sleit tungt med økonomien. Visst var der planar om kulturhus, men det var eit langt sprang frå ønske, behov og planar på den eine sida – til økonomisk evne på den andre. Du trong ikkje vere pessimist for å spå at planane om kulturhus lett kunne ende i ein skuff. Det var akkurat dette som skjedde i nabokommunen Hareid etter valet hausten 1999. I Ulstein var det i ferd med å gå same vegen, men så dukka Trekantsaka opp i 2003. Men alt i mai 1999 gjekk Idar Ulstein og John M. Kleven i gang med å samle pengar til kulturhus etter oppmoding frå kommunen. Målet var å samle inn 23 millionar kroner frå private og næringsliv. Då lokalavisa skreiv om saka, hadde 14 familiar, dei fleste med etternamn Kleven eller Ulstein, fått brev i postkassa med spørsmål om å bidra. Initiativet stranda – mellom anna fordi ikkje alle var nøgde med utkastet til teikningar som kommunen hadde presentert.

Men Bjarne Wærdahl merkar at han er i ferd med å møte veggen: – Folk opplever at det er vanskeleg å etablere seg i Ulsteinvik. Derfor er det fare for at ulsteinkapitalen går andre stader. Politikarane er positive, men administrasjonen i Ulstein er mest oppteken av å fortelje om avgrensingane i staden for å sjå kva som er mogleg, åtvarar han i lokalavisa og ymtar om at Ørsta/Volda kan vise seg som meir attraktive. Wærdahl skulle seinare bli sitert på utsegna: – Når du går inn på Ulstein rådhus med eitt problem, kjem du ut att med fem.

Wærdahl var ikkje den einaste som hadde møtt veggen i eit forsøk på å få til noko i Ulstein kommune. Lokalavisa hadde skrive om slike saker tidlegare, og no hevda Wærdahl at han visste om fleire som var frustrerte: – Mange er avhengige av kommunale tenester og er redde for å stå fram og kritisere kommunen på grunn av dei konsekvensane det vil kunne få, sa han. I avisa følgde redaktøren opp i spalta si og oppfordra kommunen til å ta utspelet alvorleg.

I den påfølgjande avisa lovar rådmann Hans Jakob Sandanger at administrasjonen skal gå i seg sjølv med omsyn til kritikken. Etter avisoppslaget hadde han hatt samtalar med etatsjefar, ordførar og formannskap om haldningar og handlingar i kommunen: – Om vi skal nå målet om å bli regionsenter, treng vi investorane her i Ulstein. Vi må ta utfordringane som låg i utspela i Vikebladet Vestposten, og leite etter om vi har haldningar som ikkje kan sameinast med det å gjere målretta og godt arbeid i lokalsamfunnet, meinte Sandanger.

I februar 2000 inviterer kommunestyret eit knippe representantar for det lokale næringslivet til å kome med synspunkt og råd til kommunen. Både politikarar og administrasjon fekk ein god porsjon pepar: – Trege prosessar, vegring mot å ta avgjerder, vrangvilje, for mange negative vedtak, for lågt tempo. På Ulstein rådhus starta det no – medvite og umedvite – ein prosess med kulturendring. Gradvis vart det folk oppfatta som ein problematiserande nei-kultur, erstatta med ja, dette skal vi få til. Det skjedde ikkje over natta, men litt etter litt. I dag, over 20 år etter at Ulsteinvik for alvor tok til å endre ansikt, kan vi seie at denne kommunale kulturendringa har vore eit viktig resultat av Ulstein-salet i 1998/99.