I juni 2000 startar eit intermesso med møbelsatsing i Ulsteinvik. Bjarne Wærdahl og Einar Kristensen frontar saka i lokalavisa. Møbelcentralen skal no bli til Bohus Møbelland Ulsteinvik. Gjennom selskapa sine Convex og Bakkely Invest hadde dei nettopp kjøpt Bohus Møbelland-varehusa i Ørsta og Ålesund. Hareidingen Jarl Andersen var påtenkt rolla som dagleg leiar for Møre Møbelland.

Denne månaden kjem også meldinga om at det er sett skatterekord i Ulstein. Mai månad opplevde kommunen den desidert største skatteinngangen sin nokon gong. Nesten 50 millionar kroner rann det inn i kommunekassa, mykje av dette som følgje av Ulstein-salet. Men hòla i kommuneøkonomien var store, og millionane smuldra i sluket.

I juli 2000 kom meldinga om at Wærdahl-selskapet Convex Media Avis ville starte gratisavis i Ulsteinvik med Bjarne Wærdahl og Line Urke mellom eigarane, førstnemnde utgivar og dagleg leiar, sistnemnde som redaktør. Regionavisa skulle kome i eit opplag på 20.000, og første utgåve 29. september. Vikebladet Vestposten svarte på konkurransen med å gi ut sine eigne regionutgåver. Samtidig lanserte lokalavisa nettavisa si 28. september 2000. I starten var konkurransen mellom dei to avisene stimulerande, men etter kvart eit problem i ein krympande annonsemarknad.

Samtidig kom Wærdahl med planane sine om Convex-bygget i Ulsteinvik sentrum. Forretningsbygget skulle romme restaurant, klebutikkar, tannlegesenter, kontorlokale med meir. I denne perioden blir det også kasta fram idéar om kunstgalleri på Flø og kulturhusbygg på Eidet. Men desse prosjekta blir etter kvart lagde til side. Det kjem også eit utspel om å starte privatskule – til erstatning for den lokale grunnskulen som enkelte meinte leid under svak kommuneøkonomi. Idéen møtte motbør og vart aldri noko av.

Hausten 2000 hadde lokalavisa eit oppslag om Sydvestor i Ulsteinvik, som tok mål av seg å forvalte dei nye millionane i bygda. Men det var ikkje nok å vere millionær for å bli Sydvestor-kunde. Du måtte ha minst 10 millionar kroner å legge på bordet viss Sydvestor skulle ta vare på pengane dine. Det knapt to år gamle selskapet forvalta no kring ein milliard kroner, kunne avisa fortelje.

Ei problemstilling melder seg med ny styrke ved inngangen til 2000-talet; stikkord er flyttestraum, bysug, kommunikasjonar, butikkar, urbanitet, kultur, Eiksundsambandet, Kvivsvegen, Hafast. Representantar for den nye rikdommen i Ulsteinvik har vore med på å setje desse problemstillingane på dagsorden og ikkje minst, gjere noko med dei. Den første regionutgåva av Vikebladet Vestposten 28. september 2000 rettar merksemda mot desse forholda: – Det blir ikkje kvinnfolk nok til alle mannfolka på Søre Sunnmøre viss det ikkje kjem fleire jobbar og tenester som er tilpassa ønska og behova til dei velutdanna kvinnene. Då nyttar det i alle fall ikkje med eit sentrum som er fullstendig folketomt, konkluderte avisa.