Ulstein Røde Kors Hjelpekorps kjøpte seg hus på Saunes i januar 2001. Her ville foreininga få god plass. I tillegg planla dei å leige ut noko av lokalet til barnehage. Etter mange år med litt kummerlege lokale i underetasjen i helsestasjonen i Ulsteinvik hadde korpset no endeleg fått eigne lokale. Dei hadde kjøpt huset av Aagot Ulstein. Organisasjonen hadde stort behov for plass både til undervisning, sosial samlingsstad og møtelokale.
Jegeren og friluftsentusiasten Tor Flatin vart i mars 2001 utnemnd til den første æresmedlemen i Ulstein og Hareid jeger- og fiskarforeining: – Ei gledeleg overrasking, kommenterte han til lokalavisa. Tor Flatin (56) kom frå Kolvereid i Namdalen til Ulsteinvik i 1972. Noko av det første den nye læraren i bygda gjorde, var å melde seg inn i den omtalte foreininga. No hadde han vore med i styret i 25 år, dei første 12 åra som sekretær, dei siste 13 som formann. Interessa for jakt og fiske fekk han inn med morsmjølka. Både morfaren og onklane hans på morsida var ivrige jegerar.
Leiaren i hjelpeorganisasjonen Barneheimane Suwalkis Venner, Gerd Vik Flø frå Ulstein, fekk i september 2001 tildelt Smilets pris i Polen. Det var ein nokså storslagen pris med mange prominente, tidlegare mottakarar: – Eg vart overraska. Det første eg tenkte på, var kva skal eg ha på meg, smilte Flø til lokalavisa før ho reiste til Polen.
Ulstein Hagelag vart i april 2001 kåra til årets hagelag i Møre og Romsdal for 2000. Laget hadde markert seg fleire gonger tidlegare og hadde halde eit høgt nivå over fleire år, heitte det i vurderinga. Leiar i Ulstein Hagelag var Synnøve Breivik.
Laurdag 3. november 2001 kom prinsesse Märtha Louise til Ulsteinvik. Kulturkontoret i Ulsteinvik hadde mykje av regien. Prinsessa las eventyr på Ulstein samfunnshus, vandra gjennom Kyrkjegata og tok del i ei samling på Sunnmøre Folkehøgskule, der ho mellom anna skulle samtale med foreiningskvinner om kva inntrykk ho sat att med etter ei reise i Sør-Amerika. Om kvelden var det middag og festkveld på Ulstein Hotell. Kulturkontoret i Ulstein hadde regien og samarbeidde med ulike lokale aktørar som Ulsteinvik barneskule, Sunnmøre Folkehøgskule, Krukkehuset og Ulstein mannskor.
Ulstein kyrkjekor var 20 år vinteren 2000, og skulle først feire seg sjølve med noverande og tidlegare medlemer på ei festleg tilstelling på Vikholmen. Søndagen ville koret så vende seg til publikum, først med song under gudstenesta og så med jubileumskonsert i kyrkja om kvelden. Heidersaktøren denne kvelden var han som starta koret i 1980, Leif Sundsbø. Han flytta frå Ulsteinvik til Molde i 1993. Under konserten skulle Sundsbø veksle på dirigeringa med hovuddirigent Ståle Helvig.
I slutten av oktober 2000 sette Ulstein sokn i gang eit nytt tilbod til foreldre i området, Byggeklossen open barnehage. Tiltaket skulle halde til i Fredheim ein dag i veka, og lokalet var godkjent for 22 born. Men leiar Beate Mjøen Berg trudde at mange etter kvart vil kome til ulike tider og ikkje vere samla på same tid, og at dei såleis kunne ta imot litt fleire. Barnehagen skulle vere ein stad der foreldre kunne stikke innom med borna sine utan å melde seg på førehand, og så få ulike opplevingar saman med borna.
I slutten av november 2000 markerte Haddal 100-årsjubileum for søndagsskulen i bygda, med søndagsfest på grendehuset. Her kosa små og store seg med brus og kaker og nye og gamle søndagsskulesongar. Det historiske attersynet var det Kåre Audun Haddal som tok seg av. Han hadde mellom anna sikra seg kjeldeinformasjon frå 90 år gamle Lars Ringstad: – Søndagsskulen var det einaste lagsarbeidet utan avbrot under krigen. I 1940 gjekk det ei vekking gjennom bygda, og naboane Harald, Karl og Leif Myrene gjekk då aktivt inn i søndagsskulearbeidet. Frå 1970-talet var det Odd Rindalsholt som tok over som leiar for søndagsskulen. Sølvi og Konrad Myrene tok også del, Konrad som leiar frå 1985 til 1993. Frå då av og fram til jubileet var det Arnleif Haram, Sølvi Myrene og Liv Knutsen som var leiarar.