Ein av dei som kjenner si besøkstid, er Steinar Sivertsen Kulen, styreleiar i Ulstein Hotell. Han tek kontakt med redaktøren i Vikebladet Vestposten og fortel at han har ei sak han gjerne vil ut med. Tysdag 14. oktober køyrer avisa utspelet frå Kulen og har fotografert han på hotelltomta i Saunesosen: – Det kan bli lenge til vi får ein slik sjanse igjen om vi ikkje grip han no, insisterer Kulen. Styreleiaren i KS Ulstein Hotell Varleite AS & Co gir avislesarane eit innblikk i dei visjonane hotellet har med omsyn til å etablere seg i sentrum. I same avis kunne SUFH-rektor Trond Berg fortelje at trekantløysinga truleg vil gi fire-fem nye arbeidsplassar ved folkehøgskulen.
I dei partipolitiske gruppene er det stor aktivitet før formannskapsmøtet torsdag 16. oktober 2003. Særleg er det dei to store som no søkjer saman for å finne ein veg vidare og skape eit overtydande økonomisk perspektiv på trekanten. I samtale med lokalavisa onsdag ettermiddag stadfestar Jan Helseth (H) at Høgre samarbeider med Arbeidarpartiet om eit forslag: – Vi jobbar med å finne ei løysing utan vesentleg påverknad på det kommunale driftsbudsjettet i den komande økonomiplanperioden, røpa Helseth. Altså ein heilt annan konklusjon enn den rådmannen la fram i avisa veka før. Ein viktig medspelar i arbeidet hadde vore Ulstein Eigedomsselskap KF.
Dette utviklingspolitiske samarbeidet mellom H og Ap har vi seinare sett fleire gonger i ulsteinpolitikken. Arbeidarpartiet og Høgre hadde likevel ikkje fleirtal åleine verken i formannskap eller kommunestyre. Eit parti som KrF er på vippen. Her har gruppeleiar Lidbjørn Vattøy no signalisert eit nei på grunnlag av tala frå rådmannen. Dersom andre tal kjem på bordet, er KrF villige til å vurdere saka på nytt. Det skulle kome til å bli ein historisk seanse i formannskapet, og med ein høgrerepresentant i hovudrolla.