På Sunnmøre hadde folket alltid vore meir opptekne av kommunikasjonar enn av kommunesamanslåing; bruer, tunnelar, hyppige ferjeavgangar, hurtigbåt, flyavgangar. Derfor jaga politikarar, entusiastar og næringsliv stadig vidare. På Søre Sunnmøre var dei vinteren 2004 godt i gang med Eiksundsambandet. Den undersjøiske tunnelen skulle knyte øybuarane til fastlandet og samle Søre Sunnmøre til eitt rike. Eiksundsambandet var likevel ikkje nok til å gi regionen vekst.

Kommunane på Søre Sunnmøre hadde til saman vel 40.000 innbyggarar, men professor Jørgen Amdam peikte på at dette var for lite: – Erfaringa frå utviklinga på Vestlandet dei siste 15 åra viser at arbeidsmarknadsregionane må ha minst 50.000 til 70.000 innbyggarar for at det skal bli vekst i folketal og økonomi, konkluderte Amdam ifølgje Møre-Nytt. Altså var området avhengig av å arbeide opp større regionar. Dette kunne berre skje ved å byggje vegnettet vidare. I tillegg til Eiksundsambandet måtte Kvivsvegen på plass. Dette var den einaste måten å få til ein stor nok arbeidsmarknadsregion. Dermed var endå eit kapittel i det ein leiar i Vikebladet Vestposten kalla Det femte evangelium, Samferdselsevangeliet, alt innleia før Eiksundsambandet var ferdig. I dag er begge desse sambanda på plass, og vi kan knapt tenkje oss tilbake i tid.

Det var ingen tvil om at utbygginga av Eiksundsambandet etter kvart stimulerte det lokale næringslivet. Ulstein Betongindustri i Haddal var den største underleverandøren til utbygginga. Verksemda leverte om lag 50 prosent av betongvolumet sitt i 2004 til Eiksundsambandet. Med dette gjekk Haddal-bedrifta mot rekordomsetning, og dagleg leiar Vidar Moldskred rekna med ei årsomsetning på 41 millionar kroner i 2004.

Eiksundbrua – over til Eika – vart i slutten av mai 2005 overlevert frå entreprenøren Reinertsen Anlegg AS til Statens vegvesen. Med det var Eiksundsambandet eit steg nærare realisering. Men det skulle enno gå snart tre år før tunnelen kunne opne.