Rakettane gjekk til vêrs med lys og drønn. Folk omfamna kvarandre, tok farvel med 1900-talet og helsa det nye tusenåret velkome med von og uvisse. I nyttårsleiaren sin skriv redaktøren for lokalavisa i det han ønskjer velkomen til år 2000: – Kvardagen er her igjen, tida går som vi veit, nokså fort, og straks har det blitt vane for oss å skrive 2000.
Mange har sikkert spurt seg kva det nye året vil bringe. Mange går nok også med forsett, håp og mål. Men vi menneske er ofte fanga i våre vanar, og i det folk rundt oss ventar av oss; masker, roller. Sjølv om vi går inn i eit nytt tusenår, er det ikkje lett å frigjere seg frå fortida. Det er nettopp i forhold til fortida vi kan oppleve trældomen sterkast. Det hender vi kjenner på at vi ber fortida med oss som ei tung bør. Er det mogleg å nytte denne inngangen til eit nytt tusenår til å nullstille seg, til å starte på ny? Det er mogleg å starte med blanke ark. Det er mogleg å kaste tvangstrøya. For vi tar feil om vi trur at det som har hendt, er fastlåst. Fortida treng ikkje berre vere noko som bind oss. Ho innbyr oss stadig til å ta stilling, på nytt og fritt grunnlag. Det er ein av dei finaste eigenskapane ved vår fridom som menneske, at vi sjølve kan bestemme kva meining fortida vår skal ha. Rett nok rår vi ikkje over hendingane reint ytre sett. Men vi kan bestemme kva hendingane skal få lov til å bety for oss. Vi kan bestemme kva fortida vår skal telje vidare i livet. Vi kan skape gull av gråstein. Lat dette vere ei lita nyårshelsing til alle som håper på ein ny start. Godt nytt år!
Det var samla meir folk enn det var sitjeplassar då tusenårshelga vart opna på Godsterminalen nyttårsaftan. Kultursjef Olav Sæter introduserte eit rikhaldig program . Elevar frå alle barneskulane underheldt med song, musikk og dikt – under leiing av Kirsti Pedersen Haugen. Ordførar Jan Berset opna, og det var ei rekke andre programinnslag, inkludert turn og judo. Ut på nyttårsaftan vart bygda opplyst av eit mektig fyrverkeri.