Om vi går inn i tidsmaskinen og stiller klokka 20 år tilbake i høve til skrivepunktet, ville vi knapt kjenne bygda igjen i høve til det vi ser i dag. I 2003 byrja Trekantsaka å rulle, ei av dei viktigaste politiske sakene i kommunen dei siste 50 åra. Saka kom til å stå som eit symbol på korleis privat-offentleg samarbeid kan gi ein kommune satsfart og nye hopp i utviklinga.

Denne saka enda med at Ulsteinvik har fått hotell og kulturhus i sentrum, ein viktig kommunal arena på Reiten og ein folkehøgskule i Varleite som ruvar i nasjonal samanheng. Kanskje var ikkje alle like begeistra då mellom andre Stig Ulstein, Morten Ulstein og Einar Kristensen danna selskapet Ulstein Utvikling og presenterte planane om Sjøsida, den nye bydelen i Ulsteinvik midt under diskusjonane om trekantprosjektet. Steinlass på steinlass frå Eiksundtunnelen vart dumpa i sjøen for å skape areal for bygningane. I dag ligg den nye bydelen der, og den nye Sjøgata snor seg vakkert og innbydande gjennom Ulsteinvik og ønskjer besøkande velkomen på ein fin måte.

Så veit vi at både Ulsmohallen, Hødd Arena, den flotte Ulsteinhallen og den komande Ulstein Arena – har kome i stand med betydelege private midlar både til bygningar og drift i tillegg til dei offentlege bidraga. Dessutan er ei rekke bedrifter etablerte og vidareutvikla. Til dømes har reiarlaget Island Offshore, trass i ein vanskeleg periode med låg oljepris, blitt ein stor aktør, og bustadprosjekt som Reitengrenda og Saunes Brygge har òg vore med på å trekke folk til kommunen.