Men då saka kom til kommunestyret 27. mars 2003, var det meste fryd og gaman. Ikkje ein einaste representant gjekk imot då politikarane skulle avgjere om dei skulle ta saka vidare til fase 2, som innebar ei avklaring mellom dei tre partane: – Ein unik sjanse til å skape noko nytt og positivt i sentrum, var gjennomgangsmelodien. Likevel var der nokre som varsla at dei ikkje kjende seg sikre på at dei ville henge med til den tredje og avgjerande fasen. Dei som målbar dette sterkast, var Knut Erik Engh (Frp) og Karen Randi Festøy (SV). Det var stille før stormen.

Mot slutten av den andre veka i juni 2003 har kommunen og dei to andre partane blitt samde om eit utkast til intensjonsavtale som kan leggast fram for formannskap og kommunestyre. Her står det mellom anna at folkehøgskulen skal kjøpe dagens hotell for 68 millionar kroner, kommunen kjøper SUFH-anlegget på Reiten for 28 millionar, og hotellet byggjer nytt hotell med sjøtilknyting og kulturhusfunksjonar på Sanden i Ulsteinvik. Det er ein føresetnad at kommunen deltek i kulturhusdelen. Ifølgje utkastet dreier det seg om ei kommunal investering på 13,5 millionar i tillegg til å garantere for eit lån på åtte millionar kroner. Det er førebels ikkje klart korleis kommunen skal nytte Reiten. Det er heller ikkje avklart om kommunen også skal delta i drifta av kulturhusdelen ved hotellet. Men det blir ymta om at kommunen kan spare inn nærare 20 millionar på å flytte kommunale kontor og institusjonar til Reiten.

Tysdag 17. juni skal saka opp i formannskapet. Den dagen får Frp-representanten Knut Erik Engh hovudoppslaget i lokalavisa. Han har alt bestemt seg for å seie nei til trekantavtalen. Han kan ikkje gå med på at Ulstein kommune skal inn med 13 millionar kroner til kulturhusdelen. Til denne tid har Frp i utgangspunktet vore positive til trekantsamarbeidet, men har samtidig signalisert at dei ikkje kan gå vidare dersom prislappen blir for høg for kommunen. Det har han no blitt, meiner Engh, som legg til: – 28 millionar kroner for SUFH er i utgangspunktet ein overpris. Vi har vore villige til å vere med på den summen for å få kabalen til å gå opp. Men når kommunen i tillegg skal betale 13 millionar kroner i det planlagde kulturhuset, og dessutan garantere for eit lån på åtte millionar, då er det på høg tid å seie stopp. For på toppen kjem renovering av bygga på Reiten. Totalt vil prislappen kome opp i over 40 millionar, og då overdriv vi ikkje i det heile. På dette siste punktet fekk Engh aldeles rett. Summen for rehabiliteringa vart lang høgare.