Torsdag 27. februar 2000 eksploderer ei nyheitsbombe: Over eit bilete av Morten Ulstein slår overskrifta over framsida på lokalavisa mot lesarane: «Byggjer offshorefartøy hos Langsten». Medan hundrevis er i ferd med å bli permitterte ved Ulstein Verft, averterer konkurrenten Langsten Slip & Båtbyggeri etter arbeidskraft. Verftet i Tomrefjord har fått oppdraget med å byggje eit offshorefartøy til 250 millionar kroner. Oppdragsgivar er mellom andre ulsteinselskapet Borgstein, der Morten Ulstein er ein av aksjonærane.

Det viste seg at Borgstein AS saman med Langsten og ein del andre investorar hadde danna reiarlaget Island Offshore. Nyheita kom overraskande på verftsdirektør Gunvor Ulstein og teknisk direktør Tore Ulstein også. Dei hadde ingen ting høyrt om prosjektet:

– Eg er skuffa både på vegner av verftet og på vegner av bygda. Ein kontrakt til Ulstein Verft no hadde gitt dei permitterte og resten av bygdesamfunnet ein puff som sårt trengst, sa Tore Ulstein til lokalavisa. Gunvor Ulstein kjende seg sikker på at dei kunne ha konkurrert med Langsten i pris. Ho la til: – Eg synest det er leit at vi her i fjøra ikkje har kunna snakke meir saman, slik at det kunne ha blitt ein kontrakt til Ulstein.

I same avisa kommenterer Henning Ulstein i Borgstein saka: – Forholdet mellom Borgstein og Langsten er noko som har utvikla seg over lang tid. Vi har derfor i denne omgang ikkje vurdert eit samarbeid med Ulstein Verft. Langsten har bygt fire båtar av typen UT 722. Dei sit derfor med gode erfaringar med denne typen skip, sa Ulstein som understreka at det ein annan gong kunne bli aktuelt med Ulstein Verft. Eit par dagar heng konflikten og dirrar og skaper ubehag hos dei involverte – og kanskje deira næraste. I alle fall til Morten Ulstein kjem med eit forklarande – og forsonande – intervju i lokalavisa den påfølgjande laurdagen, 19. februar:

– Vi er svært interesserte i å ha ein dialog med leiinga ved Ulstein Verft. Det var heilt spesielle forhold som gjorde at det vart Langsten denne gongen. Eg vil gjerne understreke at det var Langsten som kom til oss i Borgstein og bad om eit samarbeid. Dei hadde ledig kapasitet, og ville gjerne utnytte denne ved å gå inn på eigarsida sjølve. Det var ikkje vi som kom til dei. For ikkje lenge sidan bygde Langsten ein heilt identisk båt. Dei har derfor arbeidsgrunnlaget i orden, sa Morten Ulstein, som hadde vore i kontakt med Tore Ulstein og forklart kvifor det ikkje det vart Ulstein Verft denne gongen. Samtidig stadfesta han at det kunne bli aktuelt å byggje ved verftet i Ulsteinvik i framtida.

Dette siste hjelpte lite i den akutte situasjonen. Frå 6. mars 2000 ville 461 tilsette vere permitterte i Ulstein Verft-systemet. Det kvilte ei dyster stemning over bygda. Men den 16. desember 2000 vart det første skipet til Island Offshore overlevert frå Langsten, Nordmand Borg. Samtidig slutta Håvard Ulstein som salssjef i Rolls-Royce Ulstein Ship Technology og vart dagleg leiar i det nye reiarlaget.