Maken til kyrkjesylv skal du leite lenge etter. At det er gammalt gjer nok sitt, men å leite fram og finne ut kva som er meininga med alt som er krota inn, lyd ein ta god tid til. Her kan me berre ta med lite grann til å setje på sporet.
I byggjenemnda vart desse med: sokneprest Wisløff, Johannes Skeide, Bernt Osnes, Karl Strandabø, Ole Myklebust og Hans Dimmen. Når det gjaldt å administrere, ordne flyttinga, vart alle snøgt samde. Mykje måtte gjerast på dugnad eller pliktarbeid. Alle som åtte matrikulert jord ytte gratis arbeid og dei som ikkje åtte jord skulle yte halft så mange arbeidsdagar. Dagsverka vart vurderte i pengar, om sommaren til kr. 2,- pr dag og om vintaren kr. 1,-.
Vi kan lettast forklare det vanskelege ordet liturgi med omgrepet orden. Gudstenesta har ei fast liturgi – orden – der lekk for lekk knyter seg til kvarandre i bøner, skriftlesing, song og preike. Kyrkjeåret, som tek til med 1. sundag i advent (ca. 4 veker før jul), har sitt faste innhald frå tid til tid. IKO sin plansje: «Kirkeårets kalender» gjev ei god innføring om inndelinga av hovudbolkane, advent, Kristi openberring, faste, tida etter påske til pinse (festhalvåret) og etter prinse trieningstida (det festlause halvåret).
I vår tid susar me framom kyrkjestaden med bilane utan å leggje merke til meir enn at her er ein svær steingard. Me burde ta oss tid til å stogge. Steingarden og jordstykket innfor gøymer på så mange minne. Noko kan me vite, men mykje og det meste vil alltid vere ein løyndom.
Nokre kilometer utom Ulsteinvik ligg garden Ulstein, som heile heradet har fått namn etter. Her har vare hovdingsæte og storfolk har budd her i eldre tider. Garden Ulstein vart ein samlingsstad for folket som budde langs strendene og på dei næraste øyane.
Tanken om å flytte kyrkja heldt seg levande. Det var ei uroleg tid på «kyrkjefronten» fyrst i 1870-åra. Hareid og Vartdal høyrde ikkje berre til same prestegjeld, men bygdene hadde heradstyre i lag med Ulstein. På Vartdal arbeidde dei med å få verte utskilt til eige sokn og byggje eiga kyrkja, og på Hareid strava dei verre med ei kyrkje der tårnet vaks opp gjennom, taket, og mange meinte at eit nytt bygg måtte kome på tale.
Folk i inste delen av soknet gjorde straks ein framstøyt.
Før me fortel om huset, den gamle kyrkja, skal me sjå på nokre gravminne. Dei er ikkje mange att. Heller ikkje er dei så gamle som ein kunne vente.
Kyrkjeverje og skiftskrivar fylgjer også med kva kyrkje har av inventar ved kvart oppgjer. Diverre tek dei ikkje med alt.
Veggene fekk tidleg eit målingsstrøk. Men fyrst i 1914 vart skipet fullmåla inne. Den gongen strekte målaren strie på veggen og måla på det. Under ei hovudvøling i 1970 kom strien bort, tømmeret vart sandblåse og trefargen kom tilbake.
Den store Nordiske ufreden var slutt kring 1729. Statskassa var tom og kongen sine rådgjevarar fann å selje kyrkjene. I eine valdstida rekne kongen med at kyrkjene var hans eigedom. Sunnmørskyrkjene vart selde på ein auksjon i Borgund i 1723.
Dei tilhogne marmorsteinane har høyrt til dør- og vindauge-opningar. Set ein mange nok saman, lagar dei ein halvrunding.
Koret er penaste romet i ei kyrkje. Her ifrå lyder Guds ord, her vert truvedkjenninga sagt fram og bøner borne til Gud. I koret – ved altarringen – tek Jesu vener i mot nattverden, konfirmantar og brurfolk får si velsigning, og ved døypefonten vert borna kristna.
Om det har vore fleire meiningar. Ei tid såg det ut til at dei som meinte at kor og skip var jambreie, hadde rett. Andre meinte at ho hadde eit særskilt og smalare kor. Under utgravinga kom dei gram på nokre murblokkar og den særaustre hjørnesteinen til skipet som gjorde grunnforma klar.
Denne er samansett av ein stor romersk boge i midten og to mindre på kvar side. Frå der den store og dei to små bogane møtest, skulle gå søyler ned til golvet.
Det var ikkje så lett å vite når ein ikkje hadde kart, og dei opplysningane ein sat inne med, kunne tolkast feil. I kallsboka, har presten Wraamann skrive denne setninga om kvar trekyrkja vart sett i 1848: «Kirkeeierne besluttet da at sætte Kirken paa den gamle Tomt.-«. Tuftene etter trekyrkja er synlege nok og med utsegna til Wraamann, tenkte ingen på noko anna enn at der måtte og steinkyrkja ha stått.
For moro skuld og for at du kan finne ut kva gardane heiter i dag, skal me ta med namna frå Aslak Bolt si jordebok der han skriv: «I syndra lutanum sunnmøre fylkis vlfsteins kk (kirkiu) sokn Af skeidhe, af vlsteine ytra, af vlesteine, af dymne, af ytra fliodom». Greidde du det?
Kona til Møller tok imot kongeskjøtet som vart skrive 12. august 1724. me veit ikkje anna enn at ho og ervingane etter henne stelte seg slik med kyrkja og jordegodset at få hadde grunn til å klage.