Det var eit opprør i den vakninga ein opplevde på Sunnmøre i 1880-åra og opprøret må sjåast i nær samanheng med Venstre og Johan Sverdrup sin kamp mot embetsmannsstyret. Lekmenn trakka lenger og lenger inn på område der prestane hadde hatt hevdvunnen einerett. Lekmenn påberopte seg retten til å forkynne. Etter kvart meinte dei at presten sin einerett til å tale i kyrkja måtte brytast. Ja, dei kravde til og med rett til å forvalte sakramenta. Mykje skjedde på kort tid, det var nærmast ein revolusjon, og mange prestar vart naturlegvis skremde og reagerte sterkt.
Korleis var det i Ulstein i 1814, dette merkelege året som har skore seg inn i historia vår som eit barberblad og delt henne i eit før og eit etter. Smitta gløden ut til fattigfolk langs kysten; ideane, tankane, spenninga som avspegla seg i riksforsamlinga på Eidsvoll? Korleis var forholda på denne tida?
Konsentrasjon om det eine naudsynlege har vore eit varemerke for indremisjonsrørsla. Ein har sett forkynninga av dom og frelse som sitt første og einaste oppdrag. Dette har også ført til at det er sjeldan foreininga har engasjert seg i saker av samfunnsmessig art – vel å merke om ein ser bort frå Gamleheimen. Berre ved to høve finn eg slike utspel. Ved eit høve skreiv dei til heradsstyret og ba dei forby dans på den nye kommunekaia og midt i 20-åra vende dei seg til bokhandlaren og ba han halde att når det galdt sal av «dårlege» bøker. Likevel er det grunn til å tru at indremisjonen indirekte har hatt stor politisk innverknad gjennom dei av medlemane som gjekk inn i lokalpolitikken.
Vik kyrkjegard i Ulsteinvik sentrum har svært mange støypejarnkors. Mange med fine mønster og symbolikk og i god stand.
– Skikken med støypejarnkors kom til Noreg i etterkant av Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet, kunne Trudi Henrydotter Eikrem fortelle under den kulturhistoriske vandringa 29. mai. Trudi er førstelektor ved Høgskulen i Volda og sit i styret for Ulstein historielag.