Asle Geir Widnes Johansen

200 treff

André Nevstad er den med flest kampar for Hødd. Han spela 682 kampar og skora 91 mål før han la opp som aktiv fotballspelar. André var aktiv i perioden 1998 til 2008.

Sokneprest Sverre Nilsen stod opp mot dei nazistiske styresmaktene under krigen. Bergensaren Sverre Nilsen var sokneprest i Ulstein frå 1939 til 1957.

Hugo Opdal er fotografen som har sett Flø på verdskartet gjennom Studio Hugo Opdal, der han har vist fram kunsten til nasjonale og internasjonale kunstnarar.

Bertha Karoline Osnes (f. Søvik) var ein av få kvinnelege gründerar i si tid i Ulstein. Ho makta å skape eit levebrød for seg og familien gjennom drifta av det som «alle» kjende som Berthakiosken midt i Ulsteinvik sentrum.

Historia om arkitekten Johan Osnes er på mange måtar eit glimt inn i framveksten av det nye Noreg. I Trondheim finst nokre av dei mest elegante jugendstilbygningane i landet.

Johannes – eller Bern-Jon eller Jon oppi Gjerda – var høvedsmann, reiar, bonde, hestekar og motstandsmann. Han vart tidleg høvedsmann på eigen båt, og under jobbetida i første verdskrigen satsa han på reiarverksemd.

Johan Ottesen har markert seg som avismann, lokalhistorikar og som eigar av eit stort fotoarkiv. Han har gitt ut ei rekke bøker og samla tusenvis av stadnamn.

Ståle Rasmussen har vore konsernsjef i Kleven sidan 2007 og såleis vore med på eit verftseventyr utanom det vanlege. Som musikar har han også spelt ei rolle kulturelt.

Aase Rise Ringstad dreiv blomsterbutikk og starta gravferdsbyrå i Ulstein. Ho var såleis med på å gjere kommunesenteret til ein meir komplett stad å bu.

Ellen Roppen la ned ein enorm innsats for bygda og indremisjonen som styrar for Gamleheimen gjennom 22 år. Ho var dotter til Laura og Elling Roppen.

Johan Sæter var sentral i oppbygginga av Sunnmøre Ungdomsskule i Ulsteinvik. Etter nokre lærarår i Sirdal og i Syvde, kom han til Ulstein og vart lærar ved denne skulen i 1935.

Nils Skotheim var elverksjef i Ulstein frå 1968 til 1991 og var pådrivar for å skaffe kommunen eit moderne og sikkert kraftforsyningsnett. Nils kom opphavleg frå Steinshamn på Harøya.

Fredrik Steen har sett Ulstein på kartet mellom anna gjennom revyfiguren ”Hildegunn Moltubakk”. Hildegunn og taxi-svogeren Leif-Per (Ørjan Liavåg) turnerte saman i perioden 1998 til 2000.

Sigrid Irvine Strand dreiv klesforretning i Ulsteinvik i nesten 40 år. Ho bygde eigne forretningsbygg. Ho var i stor grad med på å gjere Ulsteinvik til eit handelssenter som drog kundar frå fjern og nær.

Johannes H. Thorkildson var den første redaktøren av Vikebladet og sat som eigar og drivar i nærare 50 år. Han var utdanna typograf og starta avis og trykkeri i Ulsteinvik.

Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group og adm.dir. i Ulstein Shipping. Ho har markert seg sterkt både som industrileiar og samfunnsdebattant, og har teke imot ei rekke prisar.

Svenske Inger G. Ulstein har gjort ein stor innsats for musikklivet og musikkopplæringa i Ulstein, men også i Saniteten. Inger voks opp i Kungälv.

Johan Sverre Ulstein, «Vass-Johan», var synonymt med Ulstein Vassverk gjennom fleire tiår. Det var slik han fekk kallenamnet sitt. Han hadde tilnærma eineansvar for å drifte den kommunale vassforsyninga i Ulstein.

I dag er «Sjøborg» kjent som kulturhuset i Ulsteinvik. Men det var Julius Ulstein som sette opp det opphavlege Sjøborg i Ulsteinvik i 1917. Julius var fødd på Ulstein og døydde 103 år gammal.