Jonna Vik

Jonna, eller Johanne Grønhaug (31.121892 – 19.03.1982), som namnet offisielt var, vaks opp på Grønhaugen på Eggesbønes i Herøy kommune. Ho vaks opp saman med fleire søsken, mellom anna søstera Berte. Då ho var 19-20 år, kom ho til Ulsteinvik og jobba på telefonsentralen, som då var hos Ole Wiik.

Jonna Vik budde på loftet hos sonen Rasmuk Vik. Her måla ho fleire av måleria sine. Dei fleste heimar i Ulstein hadde eit måler av Jonna Vik.

Jonsokfeiring i Ulsteinvik i 1950-åra

Gjerdegjengen

Midt i Ulsteinvik sentrum, rett ovanfor kyrkja, voks vi opp i Gjerdegjengen. Vi var ti jenter som utgjorde denne klanen: Heidi Andersen, Oddrun Osnes og Ingunn Ulfstein fødde i 1949, Liv Osnes, Britt Synnøve Larsen, Britt Brekke (som utvandra til Ålesund i 5. klasse) og underteikna fødde i 1948, og dei tre eldste: Inger Sylvi Grønmyr, Anne Johanne Vikebakk og Annlaug Osnes fødde i 1947.

Gjerdeløa var samlingsstad for jonsokfeiring i 1950-åra.

Jordbruk

I 10-årsperioden frå 1989 til 1999 var jordbruket i Ulstein inne i ei dramatisk endring. Talet på mjølkekyr i Ulstein og Hareid minka med 83, medan talet på driftseiningar med minst fem dekar med jordbruksareal i drift minka med 194. Jordbruket i dei to kystkommunane var på stupande kurs.

Jordbruksbygda Flø.

Jordbruk og fiske

1994 vart eit bra år for fiskarane i Ulstein og Hareid. Talet på fiskarar hadde halde seg nokså stabilt dei siste 20 åra. No var det ein stad mellom 350 til 380 fiskarar i dei to kommunane, med ein gjennomsnittsalder på 38 år. Litt under halvparten høyrde heime i Ulstein, medan talet på båtar var ein tredel større i Ulstein.

Haddal Frå Ringstaddalen.

Jordbruk og fiske

Statistikken viste at det sorterte 221 kyr under Ulstein kontrollag i 1981. Dei fleste av desse fann vi på Flø, og åtte av dei ti beste kyrne høyrde heime her. Men den alle beste kua tilhøyrde Elias Garshol i Dimnasund. Nina, som ho heitte, mjølka 9487 kilo i 1981. På andreplass kom Raia (Asbjørn Flø) med 9432 kilo.

Det største sjøpakkhuset i Ulstein, det som i lang tid attende hadde blitt kalla Teigenebuda, gjekk opp i flammar i slutten av april 1980. Det var 18 brannmenn frå Ålesund som stod for nedbrenninga. Sjølve hovudbygget var på fem etasjar med ei grunnflate på 450 kvadratmeter og med eit stort tilbygg på baksida.

Jordbruk og fiske

Ein statistikk frå 1972 viste at det var stigning i dyrka areal i Ulstein fram til 1968. Sidan då vart det dyrka mindre. I 1972 var mjølkeproduksjonen i kommunen på topp i Møre og Romsdal med 5868 kilo mjølk i gjennomsnitt per ku i året, eit høgt tal også i nasjonal målestokk. Sidan 1956 hadde kutalet minka frå 630 til 330 i 1971. Då stansa nedgangen, og i 1972 var det ein liten oppgang og ein auke i mjølkeproduksjonen på 12 prosent.

Fjelle tidleg på 1960-talet.
Fjelle tidleg på 1960-talet.

Jordbruk og fiske

Skjervøy Fiskemottak og egnesentral fekk ei årsomsetning på 1,2 millionar kroner i 1986. Det vart levert mest saltfisk (om lag 65 prosent), resten ferskfisk. Anlegget sysselsette 1,3 årsverk i tillegg til den eigeninnsatsen som eigaren Knut Strand la ned. Sentralen var kanskje mest å rekne som eit servicetilbod. Her kunne fiskarane egne linene sine under tak, og med fryseri, vatn og agnlager like i nærleiken. Det hadde vore stor utvikling i fiskeflåten i Ulstein dei siste åra; for fire år sidan var det berre ein båt over 35 fot, men vinteren 1986 var det sju båtar frå 35 fot og oppover. Samla hadde kapasiteten på båtane blitt meir enn dobla dei siste åra, og alle dei lokale båtane leverte fangstane sine på Skjervøybuda. I denne situasjonen var behovet for fiskerikai klart til stades.

I november 1985 var det klart for eit havbruksanlegg i Ulstein. Då fekk Fløfisk på Flø konsesjon på eit settefiskanlegg på 850.000 fisk per år. I august gjekk dei tre ungdommane Bjørnar Kleiven, Ove Midtflø og Ståle Herland i gang med å planere og grave ut tomt til anlegget. Etter kvart reiste produksjonshallen seg, i ein etasje, medan administrasjonsbygget skulle ha to etasjar.

Jordbruket

Medan industrien gjekk på høggir, og servicenæringar, helse, omsorg og undervisning voks og fekk stadig fleire kvinneleg tilsette, gjekk det tilbake med tradisjonelle næringar i Ulstein. Ein statistikk frå 2010 (SSB) viste at over halvparten av dei registrerte jordbruksverksemdene i Ulstein og Hareid hadde blitt borte dei siste ti åra.

Ulsteinvik i 2006.

Jubeldag trass tap

Den kampen som har samla flest publikum på Høddvoll er kvartfinalen i cupen 30. august 1981 mellom Hødd og Vålerengen. Kampen enda med 1-2 tap.

Hødd hadde berre lokale spelarar på laget i 1981. Her ser vi frå venstre Bjørn Moldskred, Jon Ove Ringstad, Stig Ulstein og Ivar Fjelle (nummer to).

Jubileumsutgåve av Levd liv

Levd liv blir altså gitt ut av Ulstein Historielag i samarbeid med Osberget. Aksel Hauge leier redaksjonsnemnda, og Magne Grimstad jr. i Osberget er redaktør for boka. 

Ulstein Historielag vart stifta i 1947. Men laget arbeide tungt ei tid. Den noverande leiinga i laget tok opp arbeidet i 2003. Dei valde Aksel Hauge til leiar, eit verv han har også i jubileumsåret. 

Redaksjonsnemnda samla til møte. F.v: Aksel Hauge (leiar), Rune Ulfstein, Asle Geir Widnes Johansen, Aksel Garshol og Magne Grimstad jr. (redaktør).

Judith og Thorvald Bjørndal

I 1931 gjorde Hans B. Osnes opptaket til ein eittårig «millomskule» i Ulstein kommune. Han var også lærar første året saman med Nils Kolås frå Ørsta. Dei første elevane var Bjarne Alme, Nils Grønmyr, Harald Eiken og Fridtjof Teigene frå Hareid. Ved avslutning av eksamen fekk dei karakterane sine trykte i Vikebladet. Det var lite likt.

Jul i Eiksundtunet i 1874

Hausten er ei travel onn, men i arbeidet har dei sett fram til denne høgtida. Under truskinga har dei lagt frå kornbandet og funne fin, rein halm til sengene. Dei har spunne og vove, alle skal få seg eit nytt kleplagg til jul. Spikekjøtet som dei hengde opp var av dei finaste sauene og geitene. Dei har gøymt på eple frå trea i hagen, og plukka neter i Alsstranda.

Bildekjelde: Nasjonalbiblioteket.

Jul i Eiksundtunet i 1874

Hausten er ei travel onn, men i arbeidet har dei sett fram til denne høgtida. Under truskinga har dei lagt frå kornbandet og funne fin, rein halm til sengene. Dei har spunne og vove, alle skal få seg eit nytt kleplagg til jul. Spikekjøtet som dei hengde opp var av dei finaste sauene og geitene. Dei har gøymt på eple frå trea i hagen, og plukka neter i Alsstranda.

Jul og juletradisjonar

Vi har mange førestillingar om jul, helst personlege, og svært mange positive. Nokre har vi arva frå generasjonane før oss, og nokre har vi vore med på å skape sjølve. Slik er jula heimfest i sinnet vårt som knapt noko anna vi har opplevd som menneske.

Artikkelen er henta frå Julestjerna 2018.

Jul og juletradisjonar

Vi har mange førestillingar om jul, helst personlege, og svært mange positive. Nokre har vi arva frå generasjonane før oss, og nokre har vi vore med på å skape sjølve. Slik er jula heimfest i sinnet vårt som knapt noko anna vi har opplevd som menneske.

Julekort frå 1909. Jesusbarnet og Jomfru-Maria.

Jula varer så lenge

Eg har eit bestemt inntrykk av at jula startar tidlegare og tidlegare for kvart år som går. Det siste sparket i seriefotballen er ikkje sparka, og spelarane spring framleis berrføtte, når julepynt og nissar dukkar opp i butikkane. Brosjyrar om alt du må ha til jul, kjem til postkassene, saman med farga blad om årets siste haustmoter og skatteoppgjeret for 2019.

“Geburt Jesu”, takmåleri i klosterkyrkja, Engelberg, Obwalden, Sveits. Foto: Adobe Stock.

Julefestane i Hasund og Dimna

Dei julefestane som var vanlege i våre bygder like etter krigen og utover, var Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining sin julefest andre juledag. Tredje juledag var det søndagsskulen sin tur til å halde fest for barna.

Artikkelen er henta frå Julestjerna 2018.

Julefestane i Hasund og Dimna

Dei julefestane som var vanlege i våre bygder like etter krigen og utover, var Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining sin julefest andre juledag. Tredje juledag var det søndagsskulen sin tur til å halde fest for barna.

Styret i Hasund og Dimnøy kr. ungdomslag ein gong på 1960-talet. John Eidem er formann og styremøtet her blei halde i heimen til Lise Gjerdsbakk. Desse har vore med å planlegge mange julefestar i Hasund. Fremst ser vi John Eidem. Bak frå venstre: Johan Hasund, Alvhild Hasund, Karl Kleven, Nikodemus Garshol og Lise Gjerdsbakk.

Julefestar

I fjorårets utgåve av Julestjerna kunne vi lese om innsamlingsbøssa Julegryta som Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet. For å lage artikkelen var vi innom arkivet til Vikebladet. I ei utgåve frå 22. desember 1949 fann vi bakgrunnen for Julegryta. Ved gjennomlesing av utgåva vart vi overvelda av talet på julefestar som blei arrangert.

Bildet er frå ein julefest på Hareid bedehus i 1962.

Julegryta

I våpenhuset i Ulstein kyrkje står ei stor innsamlingsbøsse (julegryta). Bakgrunnen for bøssa var at smed Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet.