I september 2019 var det kommuneval. Etter ein intens valkamp, der mykje handla om kommuneøkonomien i Ulstein, enda med at Frp fekk seks representantar i kommunestyret, Ap fem, Høgre fem, KrF tre, Sp tre Venstre to og SV ein. Ti av dei 25 representantane var kvinner. Kort tid etter at valresultatet låg føre, kom meldinga om at Knut Erik Engh (Frp) ville få halde fram som ordførar, medan Stian Lehmann Scheide (H) vart varaordførar.
Dette var klart etter ein samarbeidsavtale mellom Frp, Høgre og KrF. I midten av oktober vart det halde konstituerande møte i det nye Ulstein kommunestyre. Alle partia hadde samla seg om ei fordeling i utval og formannskap.
Det gav kvinnefleirtal i formannskapet dei komande fire åra: Ordførar Knut Erik Engh (Frp), varaordførar Stian Lehmann Scheide (H), Bennie Bantilan Hansen (Frp), Steinar Torvik (KrF), Renathe Rossi-Kaldhol (Ap), Hanne Notøy (Ap) og Lisa Mari Breivik Anderson (Sp). Alf Johan Antonsen (Frp) vart leiar av teknisk utval, Håvard Ringstad (KrF) skulle leie levekårsutvalet, Ivar Mork (Ap) kontrollutvalet og Ottar Kaldhol (Ap) fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.